Odd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogehelten Orvar-Odd og Hjalmar den hugstore. Måleri frå 1866 av Mårten Eskil Winge.

Odd er eit namn som kan stå åleine som mannsnamn og som namnedel i både manns- og kvinnenamn. Namnedelen har norrønt opphav og kan tyda noko kvast, som ein pil- eller spydspiss.

Odd er eit mykje brukt namn i Noreg. I 2009 var det 23 245 som hadde Odd som første førenamnet, men berre 5 637 hadde det som einaste førenamn. Namnet var mest brukt på førstedelen av 1900-talet, med ein topp i 1920-åra. Då kunne opptil 2,5 % av nyfødde gutar få namnet årleg.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Orvar-Odd er namnet på ein norrøn sogehelt. Namnet tyder 'Pile-Odd' eller til og med 'Pilspiss'.

Namnesamansetjingar[endre | endre wikiteksten]

Mannsnamn Kvinnenamn

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Odd Eriksen.

Merknad[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid har menn som heiter Odd opplevd at engelsktalarar ser litt rart på dei, ettersom odd tyder rar eller underleg på engelsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]