Odd-Bjørn Fure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd-Bjørn Fure
Fødd5. mars 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar, statsvitar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
EktefelleJorunn Sem Fure
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Odd-Bjørn Fure (fødd 5. mars 1942)Stadtlandet) er ein norsk historikar og statsvitar. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918-1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.

Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, var Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure er spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.

Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.

I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Artiklar - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]