Odd Bakkerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Bakkerud
Fødd 1931
Død

1989

Yrke felespiller

Odd Bakkerud (19311989) var ein spelemann frå Nesbyen i nedre Hallingdal.

Odd vart fødd på garden Bakkerud i Rukkedalen ova Nesbyen, og lærde først av mora Kari Bakkerud, som var svært musikalsk. Han kalla seinare opp ein slått etter henne (ein variant av «Treskreppa»). Han fekk og grunnopplæring i hardingfelespel hjå morbroren Knut Bakkerud, og med tida frå spelemannen Jørgen Husemoen (ein tremenning), som sytte for at han fekk seg ei brukbar fele. Seinare reiste han til Hovet i Hol, der han gjekk i lære hjå Kristian Øvrevollseie, og vart prega av spelestilen hans. I unge år gjekk han for å vera svært lik Kristian i spelet.

Etter desse læreåra reiste Bakkerud til Krødsherad der han gjekk i lære hjå spelemannen Truls Ørpen. Ørpen totte ikkje vidare om spelestilen i øvre Hallingdal, men Bakkerud fekk mange slåttar som hadde vandra til Krødsherad frå Hallingdal.

I 1954 kom Odd Bakkerud til Oslo, og vart med i folkemusikkarbeidet der. Han vart kjend med Kjetil Løndal og andre spelemenn, og tok til å legge om spelestilen sin etter eit meir reinskore konsertideal. Han var og i lag med Valdres-spelemennene Ola Bøe og Torleiv Bolstad. Med tida vart han, Bolstad og Kjetil Løndal dei førande konsertspelemennene i folkemusikkmiljøet.

Bakkerud vann Landskappleiken ein rekkje gonger, i 1955, 1960, 1964, 1965, 1967 og 1968. Det var her, Landskappleiken på Lillehammer, at han slo til med den kjende storforma av Fanitullen han sjølv hadde bygd ut, og som sidan har vore nytta. I kappleikssamanhang var Bakkerud ein perfeksjonist, som øvde målretta før han skulle frampå.

Bakkerud hadde glansperioden sin som spelemann i 1960-åra. Etter 1970 vart han noko stivare, men var no å rekne som ei god kjelde, og underviste yngre spelemenn. Han flytte attende til Hallingdal i 1975. Her vart han ei drivande kraft i folkemusikkmiljøet i Nes. Mellom elevane hans kan ein nemne spelemannen Øyvind Brabant.

Frå 1980 vart Bakkerud statsstipendiat.

Elles handla Bakkerud med feler, og var god venn med spelemannen Knut K. Steintjønndalen frå Bø. Han døydde heime i Rukkedalen i 1989, og hadde då rukke å setja sterkt preg på hardingfeletradisjonen i Hallingdal.

Slåttar skrivne ned etter Odd Bakkerud[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har trykt opp 19 slåttar som er skrivne ned etter Bakkerud. Dei fleste er skrivne ned av Truls Ørpen, ein er skriven ned av Eivind Groven, og eit par er gjort av Sven Nyhus.

Gangarar:

Springarar:

  • nr 208: Gamal Nesningsspringar. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 544). Bakkerud hadde slåtten frå morbroren Knut Bakkerud. Slåtten er ofte kalla Vårdagen.
  • nr 408b: Gamal springar frå Hallingdal. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 516). Variant a er etter Sevat Sataøen. Bakkerud hadde truleg slåtten etter Knut Bakkerud. Slåtten er ofte kalla Baggen eller Vass-såren.
  • nr 507g: Springar etter Kari Bakkerud. Nedskrift Sven Nyhus 1977. Bakkerud hadde slåtten etter mora, Kari Bakkerud, som spela hardingfele i unge år. Variant av Treskreppa. Stundom kalla Kari Bakkerud.
  • nr 515c; Tjednbarden. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Slåtten er etter Knut Bakkerud og Kristen Eidal. Slåtten er kjend i Numedal, Hallingdal og Valdres.
  • nr 527d: Storevelten. Nedskrift Truls Ørpen 1949 (Ø 409). Etter Knut Bakkerud, som hadde slåtten frå Tor Grimsgard.
  • nr 527e: Springar frå Nes. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Etter Knut Bakkerud.
  • nr 528a: Toinglått. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Slåtten er etter Jørgen Husemoen.