Odd Djøseland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Djøseland
Fødd29. september 1945 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001) Sjå dette på Wikidata

Odd Djøseland (fødd 29. september 1945) er ein norsk tidlegare FrP-politikar. Han var varaordførar i Farsund kommune frå 1995 til 1999 og fyrste vararepresentant til Stortinget for Vest-Agder 1997-2001.[1]

Djøseland vart i 2008 dømd til to og eit halvt års fengsel for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente og ei psykisk utviklingshemma kvinne, for å ha hatt overgrepsbilete av barn (barnepornografi), og for å ha seksuelt sjikanert ei mindreårige jente. Han vart også idømd rettigheitstap i fem år. Delar av lovbrota han vart dømd for skjedde mens han var varaordførar.[2][3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biografi: Djøseland, Odd». stortinget.no. Henta 9. desember 2011. 
  2. Tom Arild Støle (4. september 2008). «To og et halvt års fengsel for tidligere varaordfører Skjerpet straff etter seksuelle overgrep». Farsund Avis. 
  3. «NN mot Farsunds Avis / PFU-sak 180/08». Pressens faglige utvalg. Henta 8. januar 2015.