Odd Eriksen
Odd Eriksen | |
Fødd | 11. mars 1955 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
1. verv | Fylkesråd i Nordland |
- periode | 2006–2013 |
2. verv | Norsk nærings- og handelsminister |
- periode | 17. oktober 2005–29. september 2006 |
- regjering | Stoltenberg II |
- etterfylgjar | Dag Terje Andersen |
3. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1993-2001 |
- valkrins | Nordland |
Wikimedia Commons: Odd Eriksen | |
Odd Eriksen (fødd 11. mars 1955 i Sandnessjøen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart den 17. oktober 2005 utnemnd til statsråd for Nærings- og handelsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Den 29. september 2006 vart det kunngjort at han gjekk av som statsråd. Dag Terje Andersen tok over, og Eriksen vart fylkesrådsleiar i Nordland fylke i desember same år.
Eriksen budde lenge i Dønna. Han starta arbeidskarrieren sin i elektrolysen ved Elkem Aluminium i Mosjøen. I åra 1986–1990 var han fagforeiningsleiar i MKAF (Mosjøen kjemiske arbeiderforening), som er den lokale foreininga av NKIF. Mellom anna leia han streiken under lockouten i 1986. Han var vararepresentant for Bjarne Mørk Eidem til Stortinget i åra 1989–1993, han sat då i justiskomiteen i Stortinget. Han var fast stortingsrepresentant i åra 1993–2001. I tida frå 1993 til 1997 var han òg nestleiar i forsvarskomiteen i Stortinget. Frå 2003 og fram til utnemninga som statsråd, var han fylkesråd for samferdsle og leiar for Arbeidarpartiet i Nordland.
Eriksen vart landskjend då han var med på å overmanna kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004. Dermed hindra han at flyet styrta.[1] Han fekk Carnegies heltemedalje i gull i 2005 for innsatsa.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «– Du tror at sånt bare skjer på film». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017.
- ↑ «Får heltemedalje». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017.
- Einskildmenn
- Fødde i 1955
- Norske nærings- og handelsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Nordland
- Vararepresentantar til Stortinget
- Fylkesrådar i Nordland
- Ap-politikarar i Nordland
- Norske fagforeiningsleiarar
- Folk frå Alstahaug
- Folk frå Dønna