Odd Grythe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Grythe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1918
Lillehammer kommune Sjå dette på Wikidata
Død

7. februar 1995 (76 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, programleiar, manusforfattar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Ektefelle Ada Haug, Kirsten Sørlie Sjå dette på Wikidata
Born Hilde Grythe
Prisar Humanistprisen
Odd Grythe på Commons

Odd Horn Grythe (fødd 14. november 1918Lillehammer, daud 7. februar 1995 i Oslo) var ein norsk journalist og filmmedarbeidar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Grythe vart tilsett i NRK i 1958 som programleiar, først i radio og frå 1961 i fjernsynet, der han arbeidde til 1986. Han leidde Melodi Grand Prix 1960 saman med Erik Diesen i februar 1960 og deretter opningsshowet til fjernsynet, Startskuddet som gjekk i august same år. Deretter var han å sjå i programmet På direkten.

Grythe var programleiar for dei seks første utgåvene av Melodi Grand Prix. I 1960 og 1961 leidde han finalen saman med Erik Diesen, medan han leidde sendingane åleine i 1962, 1963, 1964 og 1965.

Grythe vert nok hugsa best som mangeårig programleiar for programserien Husker du?, som vart sendt på 1970- og 1980-talet, der eldre vart underhaldne i studio og via fjernsyn med songar og underhaldning frå tidlegare tider. I 1981 var han programleiar for spørreleiken Fem rette.

Han var gift første gong med regissøren Kirsten Sørlie og andre gong med NRK-programleiaren Ada Haug. Med Sørlie fekk Grythe dottera Hilde Grythe, som er skodespelar.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]