Odd Hølaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Hølaas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1898
Tveit i Kristiansand
Død

2. mars 1968 (69 år)

Yrke journalist, skribent, omsetjar
Språk norsk
Ektefelle Kjellaug Hølaas

Oddleiv Sigurd Bang Hølaas, kjend som Odd Hølaas, (fødd 27. mars 1898 i Kristiansand, død 2. mars 1968) var ein norsk journalist og forfattar.

Hølaas arbeidde som journalist i avisene Nationen og Tidens Tegn, og var presseattaché i København frå 1946 til 1950 og kulturattaché i Washington D.C. frå 1951 til 1956. Etter det arbeidde han i Dagbladet og han var spaltist i vekebladet Aktuell. I 1968 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for essaysamlinga Livstegn og speilinger som mellom anna handlar om Ku Klux Klan og tilhøva dei kvite rasistane i sørstatane i USA stelte i stand for dei afroamerikanske landsmenna sine.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1936Nederst ved bordet (Gyldendal, Oslo)
  • 1940Jordens erobring : fra Vinlandsferdene til Roald Amundsen (Stenersens forlag, Oslo)
  • 1941Th. Kittelsen : den norske faun (Gyldendal, Oslo)
  • 1945 – Redaktør for Theodor Kittelsen : i tekst, tegninger og malerier (Gyldendal, Oslo).
  • 1946De talte dager, kronikkar og essay (Gyldendal, Oslo)
  • 1952Norge under Haakon VII 1905-1952 ved Odd Hølaas, tidsrommet 1945-1952 ved Asbjørn Barlaup og Henning Storm (Cappelen, Oslo)
  • 1962Troll i Norge som Th. Kittelsen så dem (Norsk Kunstproduksjon, Oslo)
  • 1964Øyne som ser : et galleri av kunstnere (Gyldendal, Oslo)
  • 1966Livstegn og speilinger, (Gyldendal, Oslo)
  • 2001Storm og lys : livstegn og speilinger 2, redigert av Gordon Hølmebakk (Aschehoug, Oslo)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]