Odd Kikinaskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Odd Kikinaskald (norrønt: Oddr kíkinaskáld) var ein islandsk skald. Det einaste vi veit om han, er at han var i Noreg omkring år 1047.

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

I Skaldatal[1] er Odd Kikinaskald ført opp som skald hos kong Magnus den gode og kong Harald Hardråde. Dikt av han er sitert i soga om Magnus den gode[2], i soga om Harald Hardråde[3], i Fagerskinna[4] og i Flatøyboka[5].

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Det einaste som er kjent om Odd Kikinaskald, er at han var i Noreg omkring den tida då kong Magnus den gode døydde i 1047. Kva tilnamnet hans tyder, er uvisst. Av diktinga hans, kjenner ein til berre tre vers[6] av eit arvekvad om kong Magnus. Det første verset omtalar striden mot vendane ved Århus; dei to andre handlar om den store sorga folk kjende, då kong Magnus døydde og liket hans vart ført heim til Noreg.

Språkmannen Finnur Jónsson karakteriserer Odd Kikinaskald slik: «Et blødt og af sorg let bevægeligt sind», og eit av versa lyder slik (norsk omsetjing etter Finnur Jónsson):

Mák, síz Magnúss ævi
móðfíkins þraut góða
(Odd hafa stríð of staddan)
stillis, harða illa.
Hvarflak hvers manns þurfi;
harmr strangr fær mér angrat;
þjóðs at dǫgling dauðan
dǫpr; því fǫrum vér aprir.
Jeg har det meget ilde,
siden Magnus', den djerve konges,
gode liv endte;
kummer har betaget Odd (meg);
jeg vandrer om trengende til alle;
en streng sorg nedtrykker meg;
derfor går vi sorgfulle om;
folk sørger over den døde konge.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Soga um Magnus den gode frå heimskringla.no
  3. Soga um Harald Hardraade frå heimskringla.no
  4. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  5. Flateyarbok frå archive.org (side 334)
  6. Dikt om Magnus den gode frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]