Odd Mathis Hætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Mathis Hætta
Statsborgarskap Noreg, Finland
Fødd 22. mars 1940 (83 år)
Kautokeino kommune
Yrke forfattar

Odd Mathis Hætta (fødd 22. mars 1940 i Kautokeino) er ein norsk samisk forfattar. Han har gjeve ut ei rekkje bøker om samisk historie og kultur, om samiske massemedium og utdanningsspørsmål. Han stod òg bak Sametinget sin eigenpresentasjon, bokserien Sametinget i namn og tal som har kome sidan tinget vart etablert i 1989.

Hætta var knytt til Alta lærarhøgskule, der han var førsteamanuensis. Han var òg redaktør av den samiske avisa Ságat og sjef for NRK-Samiradio.[1] I åra 1974 til 1976 var han leiar i Norske Samers Riksforbund.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Samelands eldste bosetting, utgjeve av Skoledirektøren i samarbeid med Høgskolen i Finnmark (1979)
  • Fra steinalder til samisk jernalder (1980)
  • Eldste skriftkilder om samer, utgjeve av Skoledirektøren i samarbeid med Høgskolen i Finnmark (1980)
  • Sametinget i navn og tall : høsten 1989 - høsten 1993, Sametinget (1992)
  • The Sami : an indigenous people of the Arctic, oversatt av Ole Petter Gurholt (1993)
  • Sametinget i navn og tall : høsten 1993 - høsten 1997, Sametinget (1994)
  • Samene : historie, kultur, samfunn (1994)
  • Sametinget i navn og tall : høsten 1997 - høsten 2001, Sametinget (1998)
  • Anders Mikkelsen Bæhr (Aasel-Ánda) og Anna Olsdtr. Turis etterkommere, finsk/norsk, med Laila Palojärvi og Britt Ellen Hætta (2001)
  • Sametinget i navn og tall : høsten 2001 - høsten 2005, Sametinget (2002)
  • Samene : Nordkalottens urfolk (2002)
  • Dá lea Sámi Radio : NRK sámegiel sáddagat 1946-1980, med Berit Margrethe Oskal (2004)
  • Samiske tradisjoner og skikker : tema frå Kautokeino (2006)
  • Samene : et arktisk urfolk (2007)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Intervju med førsteamanuensis Odd Mathis Hætta 16.09.04