Odd Nansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Odd Nansen
Odd Nansen OB.F06294d.jpg
Fødd 6. desember 1901
Bærum
Død

27. juni 1973
Oslo

Yrke arkitekt, skribent, humanist, dagbokskrivar
Odd Nansen på Commons

Odd Nansen (fødd 6. desember 1901 i Bærum, død 27. juni 1973 same stad) var ein norsk teiknar, humorist, forfattar og arkitekt, mest kjend for sit humanitære virke.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Odd Nansen var son av Fridtjof Nansen (1861–1930) og songar Eva Helene Sars (1858–1907). Familien budde på Polhøgda. Etter examen artium ved Halling skole året før Olav V tok han arkitekteksamen 1926 ved NTH, der han i løpet av sit virke i Studentersamfundet i Trondhjem var med på fleire UKErevyer, både som forfattar og skodespelar. Han var òg teatersjef i Studentersamfundets Interne Teater 1922–1924.

Det var òg Nansen som skreiv visa Hjemve, òg kjend som Æ e' fødd i Trondhjæm uti Sanden eller Trondhjæm, Trondhjæm at æ reist ifrå dæ til revyen Bing BANG i 1925.

Hans utprega humoristiske sans ytra seg gjennom heile livet, i form av muntra songar (særleg som revykunstnar og som medlem av Visens venner , og i satiriske teikningar.

Han gifta seg i 1927 med Karen (Kari) Hirsch (1903–1985). Familien flytta til USA, der han fekk ein tredjeplass i ein arkitektkonkurranse for beste flyplass. Dottera Marit kom òg til verda. Då Fridtjof Nansen døydde i 1930, vende den vesle familien tilbake til Noreg.

Arkitekt[endre | endre wikiteksten]

Odd Nansen etablerte eigen arkitektpraksis i Oslo 1931. Han er mellom anna arkitekt bak det tidlegare signalbygget til Siemens på Linderud i Oslo. To av hans barn, arkitektane Eigil Nansen (1931–2017) og Siri Nansen Jemtland (1933–), arbeidet ved sin fars arkitektkontoret på 1960-talet. Nansen var hovudarkitekt for Fornebu lufthavn frå starten til flyplassen stod ferdig.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Odd Nansen tok over den humanitære arven frå faren, Fridtjof Nansen. I 1936 stifta han Nansenhjelpen som hjelpte menneske på flukt frå Hitler-Tyskland. Odd Nansens iannsats for å hjelpa jødar på flukt frå Hitlers forfølgingar har gjort at han er vorten samanlikna med svenske Raoul Wallenberg, som gjennom sit arbeid i Budapest redda mange tusen menneskje frå å deporterast og truleg drepe.

Etter at Hitler overtok makta i januar 1933, kom jødeforfølgingane i statleg regi. Odd Nansen stilte seg i spissen for å hjelpa jødar på flukt då Nygaardsvold-regjeringa og fagrørsla stritta imot. Fleire av dei jødiske flyktningane Nansenhjelp greidde å hjelpa, var barn. Nina Grünfeldts film Ninas Barn fortel historia til desse borna.[2]

Nansen var med på å stifta Nasjonalhjelpen i 1940.

Under andre verdskrig var Nansen fange på Grini og i Sachsenhausen. I fangetiden skreiv han nesten kvar dag dagbok med tynn blyantskrift på små lappar. Desse lappane vart smugla ut av leirene og seinare utgjeve i tre tjukke bind. Dagbøkene vart bestseljarar i Noreg, og er omsett til fleire språk. Ein av Nansens medfangar i Sachsenhausen, pensjonert arkitekt Robert Bjørk, har fortalt om korleis dagbøkene vart til.[3]

Medan Nansen var internert på Grini var han i fleire månader utplassert på tvangsarbeid med snøtunneler i Nord-Noreg.[4]

Nansen vart saman med andre norske fange køyrt med dei kvite bussene frå Sachsenhausen til Neuengamme 21. mars 1945. Nansen konstaterte at Neuengamme var ein dødsleir og meinte at svensk Ròde Kors var ført bak lyset. Folke Bernadotte inspiserte sjølv leiren 31. mars og vart orientert av den norske tillitsmannen Sverre Løberg. Seinare kom det òg svenske sjukepleiarar til sjukestova i leiren. Òg danske Røde Kors arbeidde i leiren. Den første transporten med sjuke frå Neuengamme til Sverige gjekk 9. april 1945. Nansen vart sjølv med busser som gjekk nordover mot Danmark 20. april.[5]

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen gjorde Nansen ein omfattande innsats for å få Tyskland på fote igjen, milom anna med krevande, fleire månader lange ekspedisjonar til dei utbomba områda med mat og tran. Han var president i En verden 19471956 og formann i Det Norske Flyktningeråd.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 2015 kom biografien om Odd Nansen, basert på mellom anna ein hittil ukjend billed- og brevsamling og intervju med hans tre gjenlevande born. Odd Nansen – arvtageren (Forlaget Historie & Kultur) fekk stor merksemd i pressa.[6][7][8][9][10] Publikasjonar som Arkitektnytt, Bistandsaktuelt og Norsk Militært Tidsskrift omtalte boka.[11][12]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Arbeidar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Odd Nansen i Norsk biografisk leksikon
  2. «Nina Grünfeld med film og bok om en ukjent heltinne». Aftenposten (bokmål). Henta 23. november 2017. 
  3. «Feiret jul for å overleve i Sachsenhausen» (norsk). Henta 23. november 2017. 
  4. Ei biletforteljing.
  5. Oslo: Dreyer, 1946
  6. «kulturanalyse». kulturanalyse. Arkivert frå originalen 2017-12-01. 
  7. «Odd Nansen – nasjonens samvittighet». Aftenposten (bokmål). Henta 22. november 2017. 
  8. «Etter å ha utfordret Quisling personlig, havnet Odd Nansen i tyskernes konsentrasjonsleirer». Dagbladet.no (norsk). 16. august 2015. Henta 23. november 2017. 
  9. «VG+: - Polfareren umyndiggjorde sønnen». pluss.vg.no. 
  10. «Budstikka - Ut av faren Fridtjof Nansens skygge». www.budstikka.no (norsk). 
  11. «Arven etter Odd Nansen | arkitektnytt.no». arkitektnytt.no (norsk). 29. september 2015. Henta 23. november 2017. 
  12. «Kjempet for Europas flyktninger». NoradDev (norsk).