Hopp til innhald

Odd Njøs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Njøs
Fødd 26. september 1931
Død

12. august 2024 (92 år)

Yrke musikar

Odd Njøs (26. september 193112. august 2024) var ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn.[1] Han arbeidde mange år i skulen, og var elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han var organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger Mannskor. Frå 1984 var han mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han var ogso mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Dei siste åra var han òg aktiv som forfattar. På Skald forlag gav han ut dei humoristiske bøkene De'kje nøye om du lyge litt, ...berre praten gaor og Sommarliv på Berget. Han gav òg ut CD der han fortalde historier frå dei to fyrstnemnde bøkene.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-107-8 978-82-521-7151-8} [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]
  • 2006 – De'kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-080-3  [Lese av Odd Njøs]
  • 2008 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Melhus: Lydbokforlaget). ISBN 978-82-421-4551-2  [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]
  1. «Odd Njøs - Skald», skald.no (på norsk), henta 17. februar 2025 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]