Odd Nordstoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odd Nordstoga
Odd Nordstoga.jpg
Fødd 10. desember 1972

Vinje i Telemark
Sjanger Viser, pop, folkemusikk
Aktive år 1997–
Plateselskap Sonet, Universal
Nettstad www.oddnordstoga.no/

Odd Nordstoga (fødd 10. desember 1972) er ein norsk musikar, songar og komponist frå Vinje i Telemark.

Tidlegare har han vore medlem i gruppa Something Odd, der han i 1997 plate-debuterte med albumet Something Odd. Han har også samarbeidd med Øyonn Groven Myhren i plateprosjektet Nivelkinn, som dei vann Spellemannprisen 2002 for i klassen folkemusikk/ gamaldans. I 2004 gjorde Nordstoga solo-debut med albumet Luring, som fekk svært gode kritikkar frå pressa og selde meir enn 160 000 eksemplar i Noreg. I ettertid har han fylgd opp med album som Heim te mor, Pilegrim, November og Bestevenn. Nordstoga er no busett i Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Odd Nordstoga voks opp på garden Plassen i Vinje i Telemark som den yngste av fire sysken. Foreldra, Ellen og Olav, dreiv garden der dei attmed mjølkeproduksjon, dyrking av grønsaker og hytteleige, viser fram huset der forfattaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd og voks opp i. Det fyrste instrumentet Nordstoga spela var eit trekkspel han fekk som åtteåring, og i ettertid har han sunge og spela ei rekkje ymse instrument. Han var elev på Voss Folkehøgskule i 1991–92, der han gjekk på musikklina.

Debut[endre | endre wikiteksten]

Nordstoga gjekk på lærarhøgskulen i Bergen og møtte der sine medmusikantar i gruppa Something Odd. Sjølv brukte han i 1997 nemninga «urban bygderock» om sekstetten, som same året gav ut den sjølvtitla og -finansierte debutplata der dei song på vinjemål. Platesleppet under Vossa Jazz i mars fekk ikkje noka nemneverdig interesse frå media. Den fyrste riksavisa vurderte plata i november, der omtalaren rulla terningkast fire og skrytte «Mykje bra musikk kjem frå norske dalføre om dagen». Plata skaffa dei ein platekontrakt med BMG Norway og rett etter kom oppfylgjaren Solreven i 1998.

Albumet gav to mindre radioslagerar med songane «Fuggel i karmen» og «Ingen eg kjenner». Albumet selde mindre bra og plateselskapet gav dei opp. I 2000 endra gruppa namn frå Something Odd til Nordstoga, signerte kontrakt med plateselskapet Grappa og gav ut det sjølvtitla albumet Nordstoga. Han fekk på nytt nokre respektable, men mindre radioslagerar med «Dag» og «Bie på deg». Likevel vann den han prestisjefylte Edvard-prisen for songen «Bie på deg», men gruppa vart oppløyst kort tid etter.

I perioden 2001-2003 konsentrerte Odd Nordstoga seg mest om tradisjonell folkemusikk frå Telemark. Då skipa han si andre gruppe, Blåmann Blåmann, som utgjorde Nordstoga sjølv og nokre gamle vener frå Vinje. Av desse kan nemnast gitaristen Asgaut H. Bakken, fløytespelaren Silje Hegg og hardingfelemeisteren Lars Underdal. Nordstoga gav i 2001 ut eit album titulert etter namnet på gruppa. Frå albumet fekk han på ny ein radioslager med songen «Tippe Tippe Tuve».

I 2002 slo han seg saman med den respekterte folkemusikaren Øyonn Groven Myhren, som mellom anna er kjent frå folkemusikkgruppa «Dvergmål», for å skrive, spela og gje ut albumet Nivelkinn, basert på dikt frå telemarkspoeten Aslaug Vaa. Verket var tinga av Telemarksfestivalen. Dette samarbeidet gav igjen ei rekkje mindre radioslagerar med songane «Uppi måneskin» og «Guten og folen», og dei fekk Spellemannprisen 2002 i klassen folkemusikk/gammaldans.

Det var i 2003 at den store ålmenta fekk augo opp for Odd Nordstoga då han deltok med songaren og skodespelaren Herborg Kråkevik for å skrive og spela tittelsongen i Edith Piaf-framsyninga hennar, kalla «Eg & Edith». Framsyninga sjølv og albumutgjevinga selde begge mindre bra, men tittelsongen fekk fleire roteringar på radio. Nordstoga, i lag med lyrikaren Stein Versto frå Vinje, medverka også med songen «Rosevev» på dette albumet. Nordstoga hadde også jobba saman med Kråkevik for ein film basert på ei novelle om forfattaren Tarjei Vesaas.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Odd Nordstoga på Drammen Elvefestival i 2004.

I 2004 signerte Nordstoga for plateselskapet Universal og spela inn albumet som skulle vera det verkelege gjennombrotet hans, Luring. Albumet selde meir enn 160 000 eksemplar og vart verande på toppen av dei norske salslistene i 14 veker. Hovudsongen frå albumet, «Kveldssong for deg og meg», vart særs populær der Nordstoga byggjer på bakgrunnen og erfaringa han har som folkemusikar, og blandar desse røtene og denne tradisjonen med amerikansk country- og folk-rock. Songen vart den som oftast vart spela på radio i 2004. Teksten til «Kveldssong for deg og meg» er henta frå barneboka Elefantmusikken som utgjer ei rekkje underfundige og sprelske dikt. Diktet om den hylande grisen, som Odd Nordstoga har sett melodi til, er skrive av forfattaren Ragnar Hovland. Andre songar som «Lause ting», «Hallo hallo», «Texas» og «Farvel til deg» vart også plukka opp frå albumet og spela fleire gonger på radio.

Turneen som fylgde i kjølvatnet av salssuksessen vart kalla Luringturen. Her spela Nordstoga saman med sine medmusikantar i Daz Nordstogaz Allstars, for eit publikum som utgjorde meir enn 60 000 personar. Odd Nordstoga vann dei to mest prestisjefylte prisane, som Beste mannlege artist og Årets artist ved Spellemannprisen 2004 i februar 2005. Sommaren 2005 drog han ut på ein ny turne, som vart kalla Luringturen MK-ll.

Nordstoga har også vore involvert i TV-produksjonar. I 2004 spela han musikken for barneserien Linus i svingen som vart vist på NRK 1. Tittelmelodien, «Svingensongen», vart utgjeven på samleplata Tidenes beste barneplate 2. Saman med John Vinge laga han musikk til julekalender-serien til NRK, Jul i Svingen, som vart vist på TV fyrste gong i desember 2006. Han har også delteke med musikk for TV-serien UHU!.

I 2006 kom albumet Heim te mor ut. I september 2008 fylgde Pilegrim. Songtekstane derfrå er skrivne av Ragnar Hovland og Stein Versto, og Nordstoga sjølv har stått for tonesetjing.

Albumet November vart gjeve ut 4. oktober 2010. I eit intervju med Dagbladet sa han fylgjande om dette albumet; «Denne plata vert som ein bryllaupsmiddag der eg reiser meg opp og slår på glaset. No har eg merksemda retta mot meg, og eg ynskjer å bruke ho til å fortelja.»[1] I oktober 2011 kom han ut med albumet Bestevenn, med fleire songar laga til eller inspirert av serien VaffelhjarteNRK.[2] I mars 2013 vart Nordstoga plateaktuell med albumet Heimafrå. Albumet er laga saman med sambygdingen Ingebjørg Bratland som eit folkemusikkprosjekt, med songar som tek utgangspunkt i heimstaden Vinje.[3]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Odd Nordstoga på Parkenfestivalen

I juni 2005 deltok Nordstoga saman med nokre jazzmusikarar og spela stykket «Pilegrim» til ros frå kritikarane ved Festspela i Bergen. Lyrikken var skriven av Stein Versto og Ragnar Hovland, som begge tidlegare hadde medverka på «Luring». Dette verket vart gjeve ut 15.september 2008 på CD etter ei innspeling gjort i lydstudio januar 2008.

I august 2005 gjorde han eit lite gjesteframmøte i den norske rap-gruppa Klovner i kamp ved å syngje i koret på singelen deira, «Syng». Han har også gjort prosjekt for Frelsesarmeen og med ulike folkemusikkprosjekt med ulike musikarar, mellom anna utføring av det kjende telemarksstykket Storegut saman med broren Aasmund Nordstoga og Lars Underdal, og eit gjesteframmøte med gruppa Fake It or Leave It som spelar The Beatles-songar i folkemusikktradisjonen. Det siste fortel mykje om fleksibiliteten både hjå Beatles-songane og kapasiteten til Odd Nordstoga.

Prosjekt Prisar

Andre prosjekt

  • Linus i Svingen (musikk for TV)
  • Eg & Edith (Edith Piaf-album og framsyning med Herborg Kråkevik)
  • Kjærlighet er best på pinne (framsyning med Eduardo ‘Doddo’ Andersen)
  • Pilegrim (musikkstykke spesielt skrive for Festspela i Bergen)
  • Tryllefløyten (folkemusikkutgåve av "Die Zauberflöte" av Mozart)
  • Storegut (samarbeid mellom Aasmund Nordstoga, Lars Underdal og Odd Nordstoga)
  • Venn (plate til støtte for ofra etter tsunamien Søraust-Asia)
  • My Mother's Tears (med Hillborg Romtveit)
  • Blåmann Blåmann (avgrensa utgåve av eit intervju på 15 min. utgjeve av Rikskonsertane)
  • UHU! (barneplate frå TV-program)
  • Sjel og sang (deltek på plata til støtte for Frelsesarmeen, «Stolpesko»)
  • Tårnhøye bølger går (deltek på støtteplata til Frelsesarmeen, «Smak av himmel, Spor av Jord...»)
  • Far og Herre, du som rår (deltek på plate til støtte for Frelsesarmeen, «Smak av himmel, Spor av Jord...»)
  • Det rare (kortfilm basert på ei novelle av Tarjei Vesaas)
  • Last Days & Nights (spelar trekkspel på solodebuten til songaren Simone)
  • Barske børnerim (spelar xylofon, bass, gitar og akkordering på albumet til Bjarte Hjelmelands)
  • Syng (deltek i koret for rap-gruppa Klovner i kamp)
  • Ørnen tek ikkje unga (gjestar på albumet til Klovner i Kamp)

Utvalde prisar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Min mest personlige plate Dagbladet. Vitja 22. august 2010.
  2. Ein trygg ven Bergens Tidende. Vitja 22. oktober 2011.
  3. Ny CD frå Nordstoga framtida.no. Vitja 25. januar 2013.
  4. Heidra for god nynorskbruk Vest-Telemark Blad. Vitja 27. september 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]