Odd Olsen Ingerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Olsen Ingerø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1950 (73 år)
Skjeberg
Yrke jurist

Odd Olsen Ingerø (fødd 22. september 1950 i Skjeberg) er ein norsk jurist som har vore sysselmann på Svalbard og politimeister. Han var òg sysselmann på Svalbard i perioden mellom 2001 til 2005 og frå 2009 til 2015.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han var tidlegare politimeister i Fredrikstad politidistrikt og har mellom anna vore politimeister i Sør-Varanger politidistrikt i tida mellom 1985 til 1998.

Ingerø har røynsle frå fengselsstyret i Justisdepartementet. Han har vore politijurist i Kirkenes, dommarfullmektig i Vardø og statsadvokatfullmektig. Frå 2005 til 2009 var han leiar for Kripos.

Ingerø fekk Politiets heiderskross i 2009.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tidligere sysselmenn». Sysselmannen. Henta 2. januar 2023. 
  2. «Disse har fått Politiets Hederskors». Politiforum. 26. april 2012. Henta 6. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]