Odd Vattekar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Vattekar
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. januar 1918
Vadheim
Død

19. februar 1992 (74 år)
Holmestrand kommune

Yrke politikar, forretningsdrivande, motstandskjempar
Språk norsk
Politisk parti Høgre, Arbeidarpartiet

Odd Vattekar (2. januar 191819. februar 1992) var ein ein norsk kontorist og stortingsrepresentant frå Kyrkjebø i Sogn og Fjordane. Han representerte Vestfold fylke og HøgreStortinget i tida 1969-81. Frå 1981 til 1988 var han fylkesmann i Vestfold.

Vattekar var son til ein kjøpmann. Han tok eksamen ved Bergens katedralskole i 1934 og ved Oslo handelsgymnas i 1936. Frå 1942 til 1969 var han tilsett ved A/S Nordisk Aluminiumindustri i Holmestrand. Fram til 1945 var han sjefsekretær, deretter personalsjef 1945-59, kontorsjef 1959-65 og avdelingsdirektør 1966-69.

Frå 1969 representerte Vattekar partiet Høgre og Vestfold på Stortinget i tolv år. Han var medlem i Finanskomiteen 1969-75 og nestformann i Industrikomiteen 1975-81. Perioden 1973-77 var han medlem i Høgre sitt skatteutval. I 1979 vart han utnemnd til fylkesmann til Vestfold, eit embete han overtok i 1981 og styrte til 1988. Han var formann 1981-83 i fylkesskattestyret i Vestfold og 1981-88 i Tunsberg Stiftsdireksjon.

Vattekar var formann 1974-79 i Industrirådet i Vestfold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]