Oddbjørn Leirvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddbjørn Leirvik
Fødd18. august 1951
Ålesund
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Oddbjørn Birger Leirvik (fødd 18. august 1951 i Ålesund) er ein norsk professor i interreligiøse studiar ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Dei primære forskingsfelta hans er islam og kristen-muslimske relasjonar; religionsdialog; religionsteologi; fleirkulturell etikk og religion og politikk. Frå 2006 har han vore leiar for studieprogramma i Religion og samfunn ved Det teologiske fakultet. I perioden 2004-2010 var han medlem av den sentrale forskargruppa ved Universitetet i Oslo sitt forskingsprogram Kulturell kompleksitet i det nye Norge (Culcom). Frå 2011 til 2013 leidde han det tverrfaglege forskingsnettverket Religion i pluralistiske samfunn (PluRel) ved Universitetet i Oslo.

Han har tidlegare vore stipendiat ved Det teologiske fakultet (frå 1996), prest ved og leiar for dialogsenteret Emmaus (1993-1996), prest i Paulus kirke i Oslo (1984-1993), og studentprest/generalsekretær i Norges kristelige studentforbund (1979-1983).

Leirvik har vore engasjert i oppbygging av fleire fora for religionsdialog i Noreg. Han var mellom initiativtakarane til Kontaktgruppa[1]for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd og har vore leiar/medlem av gruppa frå starten i 1993. Han var også involvert i utviklinga av dialogsenteret Emmaus (no Kirkelig dialogsenter)[2] frå byrjinga av 1990-talet i organiseringa av dei store trus- og livssynsdialogane ved Nansenskolen mellom 1992 og 1997. Leirvik er også medlem av kontaktgruppene mellom Den norske kyrkja og Buddhistforbundet (formalisert frå 2011) og mellom Den norske kyrkja og Human-Etisk Forbund (etablert 2014). I 2014 vart Leirvik tildelt Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn sin Dialogpris[3].

Leirvik var medlem av styret for Oslokoalisjonen[4] for tros- og livssynsfrihet fra 2000 til 2008 og det statlege Tros- og livssynspolitisk utvalg[5] (2010-2012). Han er medlem av Teologisk Nemnd under Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja (for perioden 2008-2014), og av redaksjonen for tidsskriftet Kirke og Kultur (frå 2008, vitskapleg redaktør frå 2010).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne bøker
  • Islam og kristendom. Konflikt og dialog. Oslo: Pax forlag 2014. Ny utgåve av Islam og kristendom. Konflikt eller dialog? (2006).
  • Interreligious Studies. A Relational Approach to Religious Activism and the Study of Religion. London: Bloomsbury Academic 2014.
  • Images of Jesus Christ in Islam. London, New York: Continuum 2010. Ny utgåve av Images of Jesus Christ in Islam. Introduction, Survey of Research, Issues of Dialogue. Uppsala: Swedish Institute of Missionary Research 1999.
  • Religionspluralisme. Mangfald, konflikt og dialog i Norge. Oslo: Pax forlag 2010 (første utgåve 2007).
  • Human Conscience and Muslim-Christian Relations. Modern Egyptian thinkers on al-damir. London: Routledge 2006 > paperback-utgåve 2010.
  • Islamsk etikk – ei idéhistorie. Oslo: Universitetsforlaget 2002.
  • Knowing by Oneself, Knowing with the Other. Al-damir, Human Conscience and Christian-Muslim Relations. Oslo: Unipub 2002 (doktoravhandling).
  • Religionsdialog på norsk. Ny og utvida utgåve. Oslo: Pax forlag 2001 (første utgave 1996).
  • Abrahams barn. Jødar, kristne og muslimar i historia. Oslo: Pax forlag 2000.
  • Møte med islam. Oslo: Pax forlag 1990.
Redigerte bøker
  • Sannhetens øyeblikk. Israel, Palestina og Den norske kirke. Red. Oddbjørn Leirvik, Kjetil Fretheim og Beate Fagerli. Oslo: Akademika 2013.
  • Sekularisme - med norske briller. Red. Sindre Bangstad, Oddbjørn Leirvik og Ingvill Thorson Plesner. Oslo: Unipub 2012. 195 s.
  • Interreligious Hermeneutics in Pluralistic Europe. Between Texts and People. Eds. David Cheetham, Ulrich Winkler, Oddbjørn Leirvik og Judith Gruber. Amsterdam and New York: Rodopi 2011.
  • Verdier. Red. Oddbjørn Leirvik og Åse Røthing. Oslo: Universitetsforlaget. 2008.
  • Teaching for Tolerance in Muslim majority societies. Eds. Recep Kaymakcan and Oddbjørn Leirvik. Istanbul: Centre for Values Education 2007.
  • The Power of Faiths in Global Politics. Eds. Sturla Stålsett and Oddbjørn Leirvik, with Peter Beyer. Oslo: Novus Press 2004.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Kontaktgruppa
  2. dialogsenteret Emmaus (no: Kirkelig dialogsenter)
  3. STLs Dialogpris 2014
  4. Oslokoalisjonen
  5. Tros- og livssynspolitisk utvalg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]