Odden stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°21′21″N 7°45′56″E / 63.35579°N 7.765474°E / 63.35579; 7.765474 Odden stavkyrkje var ei stavkyrkje i Smøla kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod på Odden (gnr. 38) på øya Odden, litt vest for Fastsmøla.

«Odden [kircke]» er omtala i Reformatsen[1] i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, med utvendig bordkledning og med eit lite våpenhus i vest. Det vart sagd at ho var høvelig godt halden ved like.[2]

Det var gravplass for Odden og Veien ved Brattvær kyrkje, men eldre menneske skal ha hevda at Korsholmen ein periode vart brukt som gravplass.[2]

Kyrkja bles ned tidleg på 1700-talet og vart ikkje ført opp att. Kyrkjelyden vart slegen saman med Brattvær, og kyrkjestaden der vart flytta til Fastsmøla i 1883.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Trondhjems reformats 1589. Oslo domkapittels jordebok 1595 (Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, 1983), s. 70.
  2. 2,0 2,1 Brendalsmo, s. 151.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]