Oddernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oddernes er ein tidlegare kommune i Vest-Agder, som sidan 1965 har vore del av Kristiansand kommune. Kommunen låg opphavleg nord, aust og sør for Kristiansand.

I 1864 vart Randesund i aust skilt ut som eigen kommune, og i 1921 vart området i Oddernes aust for munnigen til elva Otra lemma inn i Kristiansand. I 1965 vart Oddernes saman med Tveit og Randesund slått saman med Kristiansand kommune. Oddernes utgjer i dag eit sokn og prestegjeld rett nordaust for bysenteret.

Namnet kjem av norrønt Otranes eller Otrunes etter elva Otra, truleg av dyrenamnet 'oter'.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Oddernes» i Store norske leksikon, snl.no.