Oddernes prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°9′37.67″N 8°0′49.95″E / 58.1604639°N 8.0138750°E / 58.1604639; 8.0138750

Hovudbygningen (våningshuset) ved Oddernes prestegard
Foto: Erlend Bjørtvedt
Prestegardsbygningen før arbeida i 1923, med ei fløy som sidan er riven.
Foto: Anders Bugge

Oddernes prestegard ligg like nord for Oddernes kyrkje.

Kyrkja er frå mellomalderen, og det har vore prestegard på staden sidan reformasjonen. Dagens hovudbygning vart oppført i 1759–61 etter at den førre brann. Det vart utført større endringar og vølingar i 1892 og 1923, dei siste etter teikningar av Niels Winge Grimnes. Prestegarden vart freda av Riksantikvaren i 1991. Han vart noko modernisert i 1994.

Hovudbygningen (våningshuset) er eit laftebygg i to og ein halv etasje med ståande panel og saltak. Han hadde før 1923 ei ekstra fløy i full høgd vinkelrett på den noverande, og fargen har variert. I dag er han kvit. Nordover og så vestover frå våningshuset går lavare fløyer. Dei tre fløyene dannar eit gardstun med utgang mot Jegersbergveien i vest. Bygningsmassen er omgjeven av eit hageanlegg som i tur er omgjeven av Oddernes kyrkjegard.

I området rundt prestegarden og kyrkjegarden er ei rekkje jernaldergravar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjempegravene på Oddernes (Frans-Arne Hedlund Stylegar om arkeologi)