Oddernessteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oddernessteinen på det vi trur er den opphavlege plasseringa på Oddernes kyrkjegard.

Oddernessteinen er ein runestein frå Oddernes kyrkje i Kristiansand i Vest-Agder. Steinen stod opphavleg rett austom kyrkja, men vart i 1990 flytta inn i våpenhuset. Han er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 43167.

Steinen vert først omtalt i 1639, då biskop Wegner vitja staden. Han var då på oppdrag frå Ole Worm, som førebudde verket Monumenta Danica, og han gav ei skildring av steinen med teikning av dei to innskriftene.

Begge innskriftene er skrive med den yngre runerekkja, og dei er datert til ca. 1030-1040. Den eine innskriften (N209) er rista på den eine flatsida av steinen, og er nesten utviska. Det kan lesast:

....ur- (n)iriþs| |sun is| |st(a)in sa

Dette vert tolka som ... Neriðs son er steinn sá, på moderne norsk vert det «Etter (NN) Nerids son er denne steinen», eventuelt «Til minne om Tore Neridsson er denne steinen».

Den andre innskrifta på smalsida av steinen (N210) er mykje lengjer, og er betydeleg meir oppsiktsvekkande:

aRintr × karþi × kirkiu × þesa × kosunr × olafs × hins × hala × a oþali × sinu

Worm tolka delar av denne teksta, nemleg Olafs hins halte som «Olav den heilage», og dette vert attgjeve i Monumenta Danica. I 1805 var Martin Friedrich Arendt ved Oddernes, og gav ei fullstendig lesing av teksta: Eyvind gerði kirkiu þessa, guðsonr Olafs hin helga, à oðali sinu; på moderne norsk: «Eivind gjorde denne kyrkja, gudsønn av Olav den heilage, på sin odel». Denne tolkinga fekk støtte av autoritetar som Sophus Bugge og Magnus Olsen. Andre har likevel tolka nøkkelordet halt annleis, og meiner det kan ha ein anna tyding enn heilag. Med det verta inntrykket rokka av at Olav den heilage har vore inne i biletet her. Enno er tolkinga av denne innskrifta omdiskutert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]