Oddmund Myklebust
Utsjånad
| Oddmund Myklebust | |||
| Fødd | 21. april 1915 Sandøy kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 14. september 1972 (57 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv | |||
Oddmund Myklebust (21. april 1915–14. september 1972) var ein norsk fiskar og politikar frå Harøya i Møre og Romsdal. Han var fiskeriminister i Borten-regjeringa frå 12. oktober 1965 til 8. november 1968 som representant for Senterpartiet.
Myklebust dreiv fiske frå unge år, gjekk folkehøgskule 1935/36. Etter andre verdskrigen var han skipper på fiskebåt og aktiv i fagforeiningar, i to bolkar formann i Sunnmøre Fiskarlag. Han var mange år medlem i Haram kommunestyre, seinare i Sandøy kommunestyre. Myklebust tok over styringa av Fiskeridepartementet då Per Borten i oktober 1965 vart leiar for ei samlingsregjering. Han trekte seg frå regjeringa i 1968, grunna sjukdom.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «Oddmund Myklebust» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2025.