Oddmund Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddmund Vik
Fødd 19. april 1858
Død

12. februar 1930

Statsråd Vik.
Foto: Narve Skarpmoen, 1916

Oddmund Jakobsson Vik (19. april 185812. februar 1930) var ein norsk skulemann, redaktør, forfattar, stortingsmann, fylkesmann og statsråd frå Øystese i Hordaland. På Stortinget representere han Venstre.

Liv og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Demonstrasjon mot provianteringsminister Oddmund Vik utafor Stortinget 1. mai 1917. På plakaten står det «Ned med Oddm. Vik».

Vik var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han eksamen ved Stord seminar i 1877. Deretter heldt han folkehøgskule i heimbygda, før han i 1878 var huslærar i Sund og 1878-79 lærar ved Sagatun Folkehøyskole. Åra 1879-84 var han lærar ved Viggo Ullmann sin ambulerande folkehøgskule i Aust-Agder og Telemark, bortsett frå vinteren 1882-83 då han var ved Askov Folkehøyskole i Danmark. Frå 1884 til -88 dreiv han sin eigen folkehøgskule i Andebu i Vestfold. I 1888 vart han redaktør av Rogaland Folkeblad. Året etter skifta avisa namn til Stavanger Avis, Vik vart redaktør i denne i 1890. Han slutta som redaktør i 1907, då han vart forretningsførar for Stavanger Elektrisitetsverk. I 1914 vart han utnemnd til amtmann i Romsdals amt. Bortsett frå vel eitt år, 1916-17, då han var provianteringsminister, var Vik fylkesmann i Møre fylke fram til 1928. På Møre spela han ei sentral rolle i skipinga av Møre Fylkes Rutebåtar, det seinare Møre og Romsdal Fylkesbåtar, og for utviklinga av denne kommunikasjonsnerven i fjordfylket. Vik var og sentral i utvikling av det viktige kraftselskapet Tafjord Kraft.[1]

Vik skreiv i 1885 artikkelen «Fra Ekserserpladsen Tvildemoen», som han fekk på trykk i Dagbladet. For denne artikkelen vart han klandra for oppvigleri, bak klaga stod dåverande premierløytnant Jens Bratlie, den seinare statsministeren. Vik vart stilt for krigsrett og 1. oktober 1885 dømt til 40 dagars fengsel, forsvaren hans var ein annan seinare statsminister, Christian Michelsen. Sommaren 1886 stadfesta Høgsterett dommen og dømde Vik i tillegg å dekke sakskostnader, kr 400. I desember same året vart straffa, gjennom kongeleg resolusjon, nedsett til 10 dagar. Stortinget ettergav sakskostnadene, etter forslag frå Sverdrup-regjeringa. Vik var i alle år ein flittig skribent, både som artikkelskrivar i ymse blad, og som forfattar av bøker.

Vik var medlem av Stavanger bystyre 1899-1901 og 1905-14. Han var varaordførar 1899-1901 og 1905-12, deretter ordførar 1913-14, han gjekk då av for å verte amtmann. I Stavanger var han også formann i skulestyret.

Venstremannen Vik var valkrinsen Stavanger og Haugesund sin 2. representant i perioden 1900-03, han var då medlem av konstitusjonskomiteen. På ny stortingsrepresentant perioden 1910-12, då for ein einmannskrins i Stavanger. Han var medlem av både jarnbanekomiteen og valkomiteen, dessutan i 1910 av den utvida sosialkomiteen. I juli 1916 fekk han plass i Gunnar Knudsen si andre regjering, der han frå august styrte det nyoppretta Provianteringsdepartementet. Vik gjekk ut av regjeringa i november 1918.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vollan, Odd (1967): Tafjord Kraftselskap 1917-1967. Ålesund: Sunnmørspostens trykkeri.