Oddrun Grønvik
Oddrun Grønvik | |
Fødd | 18. august 1947 Oslo |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | forskar, leksikograf |
Oddrun Grønvik (fødd 18. august 1947) er ein norsk leksikograf, hovudredaktør for Norsk Ordbok og forskar på Universitetet i Oslo, der ho byrja som redaktør i juli 1987. Ho hadde ansvar for leksikografisk og digital utvikling og opplæring frå 2002 og var ein av hovudredaktørane frå 2007 til 2015
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Oddrun Grønvik er dotter av Einfrid Perstølen og Odd Lien Grønvik.
Etter å ha tatt artium på Grorud gymnas, studerte Oddrun Grønvik på Universitetet i Oslo og frå 1967 til 1970 på University of Oxford, der ho tok ein bachelorgrad i engelsk språk og litteratur ved St Hilda's College.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Grønvik arbeidde eit år i Sunday Times i London før ho fekk jobb som redaktør for barnebøker i Den norske Bokklubben. Frå 1975 jobba ho eit år i skrivarstova i Noregs Mållag før ho i 1976 byrja som redaktør for generell litteratur i Forlaget Oktober. Etter tre år der var ho frå 1979 konsulent i Norsk språkråd til 1987. Ho tok hovudfag i 1985 på Universitetet i Oslo med avhandlinga Målbruken i offentleg teneste 1930-1940. Denne vart òg gitt ut som bok på Det Norske Samlaget.
Saman med professor Herbert Chimhundu var Oddrun Grønvik frå 1991 til 2006 prosjektleiar for ALLEX-prosjektet, eit prosjekt mellom University of Zimbabwe og UiO for utvikling av ordbøker for shona og andre språk i det sørlege Afrika. For denne innsatsen vart ho tildelt grada Doctor of Letters (honorary) frå Universitetet i Zimbabwe då prosjektet vart avslutta i 2006.
Frå 1990 til 2005 var Grønvik leiar for foreininga for mukopolysakkaridosesykdommane i Noreg. Frå 2000 til 2003 var ho medlem av fagnemnda i Norsk språkråd og frå 2007 til 2014 i Språkrådet sitt Fagråd for normering og språkobservasjon. Ho har òg hatt fleire verv i Noregs Mållag og Studentmållaget i Oslo.
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
Oddrun Grønvik har skrive vitskaplege og populære artiklar om norsk språk, språkutvikling, språknormering, leksikografi og digitalisering av språkressursar, særleg ordbøker. I mars 2017 hadde ho 152 publikasjonar i Cristin.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Oddrun Grønvik» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Biografi i Helene Urdland Karlsen, Lars S. Vikør og Åse Wetås : Livet er æve og evig er ordet. Norsk Ordbok 1930 – 2016 Samlaget, 2016 ISBN 978-82-521-9008-3
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Publikasjonar av Oddrun Grønvik i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin