Ode til gleda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ode til gleda» skrive av Friedrich von Schiller.

«Ode til gleda» (opphavleg tysk tittel An die Freude) er eit dikt skrive i 1785 av den tyske diktaren Friedrich Schiller. Diktet er særleg kjent i tonesetjinga til Ludwig van Beethoven og brukt i hans 9. symfoni. I denne forma blei det teke i bruk av Europarådet og Den europeiske unionen som europeisk hymne med namnet Europahymnen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Friedrich Schiller

Oden skildrar eit samfunnsideal der alle menneske har like rettar og lever saman i glede og vennskap. Schiller var ein ven av frimuraren Christian Gottfried Körner, som mellom 1812 og 1816 gav ut dei samla verka til Schiller. Körner bad han skriva ein ode som kunne brukast på bygningen til frimurarlosjen Zu den dreien Schwertern i Dresden. «An die Freude» vart skriven sommaren 1785 i Gohlis i nærleiken av Leipzig. Oden vart tidleg svært populær, mellom anna blant studentar.

Gjendiktingar[endre | endre wikiteksten]

Diktet er mellom anna gjendikta til norsk av André Bjerke, utgjeven i hans Fremmede toner (1947), og av Terje Nordby, innspela på plata til Tramteatret Pelle Parafins Bøljeband (1984). I si vise «Crescendo i gågata» har Lillebjørn Nilsen lånt Beethoven sitt An die Freude-tema omgjort til vals i 3/4 takt.

Tonesetting[endre | endre wikiteksten]

Ludwig van Beethoven arbeidde i mange år med si tonesetting av oden, men vart først ferdig i slutten av 1823. Han brukte heile 1. og 2. strofe, og dessutan delar av 2. og 4.

Richard Nikolaus von Coudenhove-Kalergi føreslo i 1955 Beethoven sin versjon som europeisk hymne. I 1972 vart hymnen vedteken av Europarådet, og frå 1985 har songen òg vore hymne for Den europeiske unionen. Etter ønske frå Europarådet arrangerte Herbert von Karajan tre offisielle instrumentalversjonar, ein for klaver, ein for blåseinstrument og ein for orkester. Traktaten om ei forfatning for Europa slo òg fast at hymnen er hymne for Den europeiske unionen.[1]

Tekst i Beethoven sin versjon[endre | endre wikiteksten]

Ludwig van Beethoven

Med Beethoven sine tillegg og endringar i kursiv.

O Freunde, nicht diese Töne!
Sondern laßt uns angenehmere
anstimmen und freudenvollere.
Freude!
Freude, schöner Götterfunken
Tochter aus Elysium,
Wir betreten feuertrunken,
Himmlische, dein Heiligtum!
Deine Zauber binden wieder
Was die Mode streng geteilt;
Alle Menschen werden Brüder,
(Schillers original:
Was der Mode Schwert geteilt;
Bettler werden Fürstenbrüder,)
Wo dein sanfter Flügel weilt.
Wem der große Wurf gelungen,
Eines Freundes Freund zu sein;
Wer ein holdes Weib errungen,
Mische seinen Jubel ein!
Ja, wer auch nur eine Seele
Sein nennt auf dem Erdenrund!
Und wer's nie gekonnt, der stehle
Weinend sich aus diesem Bund!
Freude trinken alle Wesen
An den Brüsten der Natur;
Alle Guten, all Bösen
Folgen ihrer Rosenspur.
Küsse gab sie uns und Reben,
Einen Freund, geprüft im Tod;
Wollust ward dem Wurm gegeben,
und der Cherub steht vor Gott.
Froh, wie seine Sonnen fliegen
Durch des Himmels prächt'gen Plan,
Laufet, Brüder, eure Bahn,
Freudig, wie ein Held zum Siegen.
Seid umschlungen, Millionen!
Diesen Kuß der ganzen Welt!
Brüder, über'm Sternenzelt
Muß ein lieber Vater wohnen.
Ihr stürzt nieder, Millionen?
Ahnest du den Schöpfer, Welt?
Such' ihn über'm Sternenzelt!
Über Sternen muß er wohnen.

Norsk tekst[endre | endre wikiteksten]

Tramteatret i NRK har laga ei omsetjing til norsk:[2]


[Vers 1]
Glede, født av guders gnister, datter av Elysium
Ildberuset trår vi inn I gledens, lysets helligdom
Se, din trollmakt gjenforener
Alt som var adskilt fullt av savn
Alle mennesker blir brødre
Under gledens vingefavn!
[Vers 2]
Gleden er den sterke fjær I evighet og all natur
Driver alle hjul som er I hjertet av vårt verdensur
Den får solen frem på en himmel
Skaper blomst utav en knopp
Fins I fjerne stjernevrimmel
Der vår tanke må gi opp

Kjelder[endre | endre wikiteksten]