Odelsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Odelslova)

Odelsrett er eit gammalt germansk rettsinstitutt som i Noreg er lovfesta i Lov av 28. juni 1974 om odelsretten og åsetesretten. Odelsretten er òg sikra i Grunnlova §107.

Odelsretten er ein rett til å løyse inn ein eigedom når han er gått ut av odelsslekta eller til nokon med dårlegare odelsrett.

Vilkår for odelsrett[endre | endre wikiteksten]

Odelsrett oppstår når ein eigar, i lova kalla odlaren, har ått odlingsjord med full eigedomsrett i 20 år. Går eigedomen før odelshevdstida er ute over til ein ny eigar som i rett nedstigande line ættar frå den førre eigaren, kan eigartidene reknast saman.

Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra, besteforeldra eller sysken av foreldra har ått eigedomen med odel.

Mellom sysken og deira liner gjeld føreretten til odelsjord berre ein eigedom.

Ein som har odelsrett kan miste odelsretten sin dersom han let ein eigar utanom slekta, eller ein eigar lenger ute i odelsrekkja, sitje med tinglyst heimel utan å krevje eigedommen løyst ut innan løysingsfristen. Likevel fell ikkje odelsretten bort om dei som har odelsrett let ein yngre bror eller syster sitje med eigedommen, men dei fell bak den nye eigaren i odelsrekkefølgja.

Den som med odelsrett overtek ein eigedom, treng ikkje søkje om konsesjon dersom han eller ho godtek buplikt i fem år og varig driveplikt.

Odelsrekkefølgja[endre | endre wikiteksten]

Av etterkomarane til odlaren står eldste sysken fremst i odelrekkja, deretter følgjer etterkommarane hans eller hennar. Adoptivbarn går inn i den vanlege odelsrekkefølgja, men med prioritet etter adopsjonstidspunktet. Figuren illustrerer odelsrekkefølgja ved vanlege familietilhøve:

Odelsrekkefølgje
Odelsrekkefølgje

Dersom familietilhøva er kompliserte, gjev lovteksten rom for tolkingar. Det er opp til rettsapparatet å avgjere om ein person har odelsrett eller ikkje, og korleis rekkefølgja skal reknast.

Odelsløysing[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein eigedom vert seld ut or slekta eller til ei sleksline med dårlegare odelsrett, kan ein med betre odelsrett, innan seks månader etter at salet vart tinglyst, krevje eigedommen løyst på odel. Kravet fremjast for tingretten.

Den som vil overta eigedommen på odel må gjere opp for eigedommen etter odelstakst. Verdsetjinga ved odelstakst skal gjerast på grunnlag av den bruk av eigedomen som er naturleg og pårekneleg etter tilhøva på staden, og som kan sameinast med at eigedomen hovudsakleg blir nytta til landbruksføremål.

Odelsfrigjering[endre | endre wikiteksten]

Kongen eller departementet kan i visse høve fri eigedommar for odel. Slik odelsfrigjering kan vere aktuell når odelsjord skal brukast til offentlege formål (odels. § 30) eller når odelsretten elles kan stå i vegen for ei eigedomstileigning som departementet har godkjent av di kjøparen bør få tilleggsjord (§ 31).

Odelsrettens historie i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Magnus offentleggjer landslova
Landslov-manuskript frå riksarkivet

Odelsretten var etablert då landskapslovene vart nedteikna på slutten av 1000-talet. Etter Gulatingslova måtte ein eigedom ha gått frå far til son i seks generasjonar før eigaren kunne hevde odelsrett. Men etter det, fekk alle etterkomarar av ein odelsbonde odelsrett. Dersom ein odelsbonde ville selje eigedommen, måtte han først tilby dei som hadde odelsrett å kjøpe eigedommen.

Etter Magnus Lagabøtes landslov vart ein eigedom odelseigedom når ei slekt hadde ått han i 60 år. Dei som hadde odelsrett, kunne lyse pengemangel som forfallsgrunn, og hadde då 60 års frist på seg til å løyse ut eigedommen om han vart seld ut or slekta. I Kristian den fjerdes norske lov [1] Arkivert 2004-11-03 ved Wayback Machine. vart odelshevdtida redusert til 30 år, og i Kristian den femtes norske lov [2] Arkivert 2006-10-29 ved Wayback Machine. vart odelshevdtida redusert til 20 år. Løysingsfristen for dei som hadde odelsrett vart redusert tilsvarande.

I 1771 vart odelshevdtida og lysingfristen korta ned. Etter lova hadde løysaren krav på å overta eigedomen til same pris som den nye eigaren hadde gjeve for han. Etter 1800 vart det stor inflasjon, og løysingsretten vart oppfatta som urimeleg når realverdien av dei pengane løysaren betalte var mykje mindre enn det den nye eigaren hadde betalt. Presset mot odelslova auka, og ved ein forordning i 1811 fall odelsretten bort dersom seljaren ikkje særskilt bestemte at han skulle stå ved lag. I praksis innebar det at odelsretten fall bort, fordi salsprisen ville bli lågare om seljaren ville halde på slekta sin rett til odelsløysing.

Men i 1814 vart det i Den norske grunnlova bestemt at odels- og åsetesretten skulle stå ved lag. I 1821 vart ei ny odelslov vedteken. Odelshevdtida vart sett til 10 år, og løysingsfristen vart sett til 5 år. I Stortinget var det i 1857 fleirtal for å oppheve odlesretten, men sidan grunnlovsendringar krev 2/3 fleirtal, overlevde likevel odelsretten, likevel slik at odelshevdtida vart auka til 20 år og løysingsfristen redusert til 3 år.

I 1974 fekk Noreg ei ny odelslov. Det nye i denne lova var m.a. at kvinner fekk same odelsrett som menn. (Dette skulle likevel ikkje gjelde når mannen var fødd før 1.1.1965, men dette unntaket vart oppheva i 2009). Odelskretsen vart innskrenka, slik at berre barn, barnebarn eller barn av sysken av ein odelsbonde hadde odelsrett. Vidare fall odelsretten bort for dei minste eigedommane. Løysingsfristen vart sett til to år. I 1996 vart løysingsfristen redusert til 1 år og i 2009 til seks månader.


Odelsrett i andre land[endre | endre wikiteksten]

  • Island var i 2003 102 av 4283 gardsbruk gjort til ættaróðal. Eigaren av eit gardsbruk kan på visse vilkår gjere eigedommen til ættaróðal, ei avgjerd som eigaren på andre vilkår kan få gjort om. Odelseigedommar har visse skattemessige fordelar, og den som tek over odelsjord, er pliktar å gje odelsbonden og kona hans kår.
  • Færøyane har òg ei form for odelsrett, ved at dei som har odelsrett har ideelle andelar i odelsjorda.
  • Austerrike, Sveits og nokre delstatar i Tyskland har lover som på ulike måtar gjev slektningar forrett til å overta slektsgardar.
  • I Skottland kan eigedommar som omfattast av Crofters Act berre seljast ut or slekta om dei næraste slektningane samtykker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]