Odense å

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 55°26′13.02″N 10°25′21.95″E

Odense å
elv
Denmark-Odense River-scenery.jpg
Odense å
Land Flag of Denmark.svg Danmark
Lengd 60 km
Kjelde Arreskov sø ved Korinth
Munning Mellom Seden og Stige i Odense fjord
Kart
Odense å
55°9′46″ N 10°19′5″ E
Wikimedia Commons: Odense Å

Odense å er ei elv på øya Fyn sentralt i Danmark. Ho er om lag 60 kilometer lang, og er kalla opp etter byen Odense, som ho renn gjennom. Ein kan leige båtar på elva, eller ta turar med turbåtar til Carlslund. Om sommaren er det ofte med jazzorkester om bord på lørdagar.

I vikingtida hadde festninga Nonnebakken kontroll over elva.