Odissi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei gruppe kvinnelege odissidansarar.
Ei gruppe mannlege odissidansarar i truppen Rudrakshya.

Odissi eller orissi (oriya ଓଡ଼ିଶୀ, oṛiśī) er ein klassisk indisk dans frå delstaten Odisha aust i India. Han er hovudsakleg ein dans for kvinnelege dansarar, men kan også utførast av menn. Dansen oppstod som rituell tempeldans i det gamle Nord-India. Han følgjer prinsippa i det gamle sanskritverket Natyasjastra, og har eit grunnleggjande mønster til felles med bharata natyam frå Sør-India. Mange av positurane i dansen finst også i eldgamle skulpturar. Ein viktig teknikk er tribhangi, ei tredeling av kroppen der dei ulike delane bøyer seg på ulike måtar. I tillegg til grasiøse kropps- og handrørsler bruker ein livfulle løft og sprang.

Som mange andre indiske tradisjonar gjekk forløparen til odissidans gjennom ein tilbakegang fram mot 1900-talet som følgje av manglande støtte frå fyrstar og undertrykking frå den britiske kolonimakta. På 1940-talet var det svært få utøvarar att. Seinare gjekk han gjennom ei gjenoppliving som bygde på utøvinga til dei siste dansarane, rekonstruksjonar frå gamle manuskript, dikt og biletkunst. I dag er odissi ei utbreidd kunstform i India og utlandet.[1]

Ei odissiframsyning blander to ulike danseformer: Nritta, ein ornamenterande teknikk som ikkje skal formidla tyding, og abhinaya, ei forteljande form der stilisert miming ved hjelp av mudraer og ansiktsuttrykk fortel ei historie eller forklarer eit tema. Dei fleste dansane er vigde guden Krisjna, kjend som Jagannath i Odisha. Typiske emne for odissidans er kjærleiken mellom Radha og Krisjna. Dikt frå Gita Govindam er også som regel del av kvar førestilling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. T.d. Odissi Dance Company i Australia, Kala the Arts i Storbritannia og Odissi Dansproduktion i Sverige