Odsherred kommune
| Odsherred kommune | |||
| kommune | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Sjælland | ||
| Adm.senter | Højby | ||
| Areal | 354,10 km² | ||
| Folketal | 32 605 (2024[1]) | ||
| Folketettleik | 92 / km² | ||
| Borgarmeister | Hanne Pigonska | ||
| Kommunenummer | 306 | ||
![]() Odsherred 55°55′53″N 11°39′43″E / 55.931388888889°N 11.661944444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Odsherred Kommune | |||
| Nettstad: http://www.odsherred.dk/ | |||
Odsherred kommune er ein kommune på Sjælland i Danmark som frå 1. januar 2007 høyrer til den nydanna Region Sjælland. Kommunen har 32 605 innbyggjarar (2024).
Odsherred kommune omfattar dei tre tidlegare kommunane Dragsholm, Nykøbing-Rørvig og Trundholm.
Kommunesenteret ligg i Højby, men den største byen er Nykøbing. Andre byar er Fårevejle Stationsby, Fårevejle Kirkeby, Asnæs og Vig.
Namnet Odsherred kjem frå Sjællands Odde (heradet med odden) som i nord dannar Hesselø Bugt i Kattegat. Frå Odden er det ferjesamband med Århus og Ebeltoft på Jylland. Lengst vest i kommunen ligg Dragsholm slott. Det er ein kortbaneflyplass ved Højby.
Venskapskommune
[endre | endre wikiteksten]Lokaldemokrati
[endre | endre wikiteksten]Ved kommunevalet den 15.november 2005 fekk Socialdemokraterne 36,4 prosent av røystene. Venstre fekk 33,6 prosent medan ingen av dei andre partia oppnådde meir enn 7,0 prosent (størst var SF).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «De Kommunale Nøgletal» (på dansk). Indenrigs- og Sundhedsministeriet. Henta 18. mai 2024.
- Valresultat 2005 Arkivert 2008-01-02 ved Wayback Machine.
