Odysseen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mosaikk av Odyssevs i båten sin.

Odysseen er eit episk dikt frå Hellas i antikken. I 24 songar fortel det soga om heimreisa og heimkomen til helten Odyssevs frå Troja etter den trojanske krigen. Verket blir tillagt Homer. Det er rekna som eit hovudverk i vestleg litteratur og er blitt lese over heile verda. På mange språk er «odyssé» blitt til eit synonym for ei tilsynelatande endelaus reise.[1][2] Helten Odyssevs er også kjend under det latinske namnet sitt, Ulysses.

Drapet av beilarane. Gresk vase frå rundt 300 f.Kr.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Diktet byrjar med ei skildring av den forlatne kongsgarden på Itaka, der Odyssevs si kone Penelope prøver å stagga uønskte friarar, og sonen Telemakos legg ut for å leita etter faren. Odyssevs er på ei øy hjå nymfa Kalypso. Han sigler vekk frå henne, forliser, og blir skyld i land på Skheria. Her fortel han om hendingane han har vore ute for i løpet av dei ti år han har vore på heimveg: Han har vore ute for kyklopar, monstera Skylla og Kharybdis, trollkona Kirke og vitja dødsriket.

Då Odyssevs endeleg vender tilbake til Itaka er han forkledd som tiggar. Han deltek i ei tevling med alle beilarane der det er om å gjera å utføra eit kunststykke med kongen sin boge. Odyssevs vinn, og tek tilbake kongsmakta.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Odysseen blei første gong omsett til norsk av Arne Garborg i 1918, på nynorsk. P. Østbye laga ein riksmålversjon i 1922.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «odysse» i Nynorskordboka.
  2. «odyssée». Dictionnaire de français Larousse (på fransk). Larousse.fr. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]