Offentleg stad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alminneleg ferdsel i ein park i Madrid.

Offentleg stad er ein stad folk flest har tilgang til og der alminneleg ferdsel er tillaten. Dette kan til dømes vera offentlege vegar, torg, parkar og strender.

I den norske straffelova er det knytt eigne straffebod til nokre handlingar som blir utførte på offentleg stad. I den tidlegare straffelova frå 1902 er ein offentleg stad definert som ein stad bestemt for alminneleg ferdsel, eller ein stad der slik ferdsel faktisk finn stad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]