Offertorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Offertoriet ved ei tridentinsk messe.

Offertorium (av latin offero, 'bera fram') er eit omgrep nytta om framberinga av brød og vin som innleiar nattverdsliturgien i den romersk-katolske messa. I høgmesser skjer dette ofte i form av ein prosesjon der pengegåver, tidlegare òg naturalia, vert bore fram saman med brødet og vinen.

Offertorium er òg antifonen eller omkvedet til Davidssalma som vert sungen under offergangen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]