Ofiolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ofiolitt frå ordovicium i Gros Morne nasjonalpark på Newfoundland.

Ofiolitt er eit samleomgrep på ei gruppe basiske magmatiske bergartar som er karakteristiske for alpine fjellkjeder, men som opphavleg er danna på eller under havbotn. Desse omfattar basalt (gjerne som putelava), gabbro, tettstilte diabasganger og peridotitt, dessutan bergartar som er oppstått av desse ved seinare metamorf påverknad, der det blir danna grøne mineral som serpentinitt, kloritt og epidot.

I Noreg har Den kaledonske fjellkjeda ei rekkje førekomstar av ofiolittar, til dømes på Karmøy, Gullfjellet ved Bergen, i Sør-Trøndelag og på Leka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ofiolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]