Ofredalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ofredalstunnelen
Lengd2 200 meter
Stigning15,5%[1]
Opna1992[1]
Kart
Ofredalstunnelen
61°14′35″N 7°36′52″E / 61.24305556°N 7.61444444°E / 61.24305556; 7.61444444

Ofredalstunnelen er ein vegtunnel i Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tunnelen er 2200 meter lang, og går gjennom Seimsåsen mellom Seimsdalen og Åsete i Indre Ofredal. Ofredalstunnelen og den kommunale vegen til Indre Ofredal vart opna i 1992. Vegen opp dalen frå staden Indre Ofredal vart bygd som sysselsettingsprosjekt mellom 1935 og 1939.[2][3]

På grunn av dårlege kartdata vart tunnelen sprengt halvvegs med feil stiging; dette førte til at siste halvdelen måtte lagast svært bratt, med heile 15,5 % stiging, for å kome ut på rett plass i Indre Ofredal.[4][5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Ofredalstunnelen» henta frå Wikipedia på bokmål den 1. november 2009. Der vart desse referansane gjevne:
  1. 1,0 1,1 «VSOP Guide for Valdres og indre Sogn». Arkivert frå originalen 12. juni 2008. 
  2. NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon: «Køyrevegar i Årdal»
  3. Kristin Ese: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2, s. 64
  4. Destinasjon Midt-Valdres: VSOP Årdal i Sogn, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 1. november 2009 
  5. Kristin Ese: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2, s. 68

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]