Oftalmoskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oftalmoskop (til venstre) og otoskop til høgre)

Oftalmoskop eller augespegel er eit medisinsk instrument som ved hjelp av ei lyskjelde vert brukt til å undersøkja auga. Det vart oppfunne av Hermann von Helmholtz i 1851. Det er eit heilt vesentleg hjelpemiddel for at ein skal kunna undersøkja auga si netthinne (lat. retina), glaslekamen (lat. corpus vitreum) og auga si linse (lat. lens crystallina).

I oftalmoskopet kan lysstyrken og forma på lysstrålen varierast, og det kan setjast inn ulike fargefilter for at ein lettare skal kunna vurdera spesielle tilstandar i auga.

Undersøking av auga med dette instrumentet vert kalla oftalmoskopi. Instrumentet vert ofte levert saman med eit otoskop, eit instrument for undersøking av øyra, då desse to instrumenta kan nytta det same handtaket.

Dersom ein hjå pasientar finn hevelse (ødem) kring synsnerven, papilleødem, tyder dette på auka trykk inne i kraniet. Slikt kan koma av høgt blodtrykk (hypertensjon), hydrocephalus, hjernesvulst, eller ei rekkje andre tilstandar. Ved glaucom (grøn stær) er innmunninga til synsnerven uthola (konkav), eller excavert som er den medisinske nemninga her. Grå stær (lat. cataract) viser seg som mørke eller gråaktige flekker (fortettingar) ulike stader i augelinsa.

Hjå pasientar med diabetes mellitus er det tilrådd regelmessig oftalmoskopi (halvårleg, årleg eller annakvart år) for å sjå etter teikn til om sjukdomen har påverka netthinna (diabetisk retinopati). Skade av synet ved denne tilstanden kan hindrast gjennom behandling med laser dersom den vert oppdaga i tide.

Ved høgt blodtrykk som har påverka blodårer i netthinna, kan desse synlege forandringane i årene i netthinna vera svært like forandringane i årene i hjernen og altså seia noko om tilstanden der (atheromatose, arteriosklerose, «åreforkalking»).