Ogmund Krøkedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ogmund Krøkedans
Verkeleg namn Ǫgmund Krøkidans
Fødd 13. hundreåret
Død

13. hundreåret

Verv Sysselmann i Orkdal
Minnesmerke om Slaget ved Largs

Ogmund Krøkedans (norrønt Ǫgmund Krøkidans) var ein norsk lendmann under Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte. Han blei sysselmann i Orkdal i 1239.[1]

Ogmund var ein av Håkon Håkonsson sine mest betrudde lendmenn. Han kjempa på Håkon si side under opprøret til hertug Skule Bårdsson, og var leiar for ein del av dei norske styrkane som herja Halland i 1256. I 1261 var han ein av leiarane for den norske delegasjonen som henta prinsesse Ingebjørg Eiriksdotter ut av klosteret i Horsens for å ta ho med til Noreg som Magnus Håkonsson si brud. I 1263 leia han dei norske styrkane i slaget ved Largs i Skottland.

Ein soneson av Ogmund var baronen Ogmund Unge Dans. Krøkedans var visstnok ei form for danseleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Salvesen, Helge (28. juni 2017). «Ogmund Krøkedans». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]