Ogna kyrkje
Utsjånad
| Ogna kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Stavanger | ||
| Prosti | Jæren | ||
| Sokn | Ogna | ||
| Fellesråd | Hå | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Thesen & Torsvik (1995) | ||
| Teknikk | Mur | ||
| Material | Stein (gamal del) | ||
| Innvigd | 1200-talet/5. juni 1995 | ||
| • Endringar | Brann i 1991; nyoppført 1995 | ||
| Takryttar | På mønet | ||
| Kor | Rett avslutta | ||
| Preikestol | Kopi av gamal preikestol av Gottfried Hendtzschel | ||
| Døypefont | Av kleberstein, frå mellomalderen | ||
| Altartavle | Kopi av gamal altartavle av Gottfried Hendtzschel | ||
| Sitjeplassar | 280 | ||
| Diverse | Glasmåleri av Harald Stokkeland (1995) | ||
![]() Ogna kyrkje 58°30′59″N 5°48′30″E / 58.51629306°N 5.80833389°E | |||
| Wikimedia Commons: Ogna kirke | |||
Ogna kyrkje i Hå kommune i Rogaland fylke er i utgangspunktet ei langkyrkje frå 1200-talet. Mellomalderkyrkja hadde eit vesttårn i tre då ho brann etter lynnedslag i 1991. Murane i det gamle skipet utgjer ein del av ei ny kyrkje som vart oppført i 1995 med nytt kor og sakristi i tillegg til kyrkjelydssal, kjøken og kontor.
Før brannen hadde kyrkja altartavle og preikestol laga av Gottfried Hendtzschel. Desse vart totalskadde, men det er laga kopiar til den nye kyrkja. Steinplata i altarbordet og den åttekanta døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ogna kyrkje på Kyrkjesøk
- Ogna kyrkjelyd
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ogna kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland Arkivert 2018-09-03 ved Wayback Machine. (Riksantikvaren, 2016), s. 45–46

Foto: Christian Christensen Thomhav
