Ogndal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Ogndal, med Skei kyrkje og Oftenåsen i bakgrunnen.

Ogndal er eit tidlegare herad i Nord-Trøndelag fylke. Heradet dekte ei flatevidd på 256,7 km². Heradet vart under namnet Skei eigen kommunal skipnad frå 1. januar 1885. Tidlegare låg bygda under Sparbu herad. Namnet på heradet vart endra til Ogndal frå 1901. I 1900 hadde heradet 1 216 innbyggjarar, i 1930 var det kome opp i 1 493. Sidan auka folketalet sterkt, i 1950 budde 2 043 menneske fordelt på 558 hushald i heradet. Folketalet heldt fram å vekse til Ogndal, den 1. januar 1964, saman med Beitstad, Egge, Kvam, Sparbu, Steinkjer og Stod, vart slått saman til dagens Steinkjer kommune. Ogndal hadde ved samanslåinga 2 678 innbyggjarar.

Bygda Ogndal strekker seg i vest ut til Beitstadfjorden, men er elles ei innlandsbygd. Ogndalen er brei og open i vest, men smalnar ved Støen, ca 13 km frå fjorden. Sidan opnar han seg att, før han deler seg i to dalføre som leier opp i eit åslandskap i aust. Elva Ogna renn gjennom dalen. På begge sider av Ogndalen reiser avrunda, skogkledde åsar seg. I aust er åshøgdene høgre enn lenger vest, den høgaste 770 moh, og med nakne toppar. Landskapet er i aust er elles prega av store myrområde og mange vatn. Her ligg dei store vatna Lustadvatnet og Mokkavatnet. Største vatnet, Skjækervatnet, er 6,8 km² vidt og ligg heilt aust i Ogndal, 440 moh og på grensa mot Snåsa. Berggrunnen er skiferhaldig i vest og av gneis i aust. Jorda består av mest sand og litt leire.

Ogndal har vore ei typisk jord- og skogbruksbygd.

Skei kyrkje ligg vest i Ogndal og er ei langkyrkje frå før 1664 og av lafta tømmer. Bodom kapell ligg i Øvre Ogndal, nær 25 kilometer frå Skei kyrkje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]