Ognennyj Ostrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ognennyj Ostrov (russisk Огненный остров, tyder «Eldøya») er ei lita øy i ein innsjø sentralt i Russland i Vologda oblast der det står eit kloster, som er omforma til eit høgrisikofengsel for fangar dømd til dødsstraff. Ognennyj Ostrov ligg om lag 400 km nord for Moskva i Novozerosjøen.

Det russisk-ortodokse klosteret vart grunnlagd på denne øya i 1517 av St. Kirill av Novozero etter å ha sett ei «søyle av eld» som trefte øya. Klosterbygningane vart nytta som bakgrunn for Vasilij Sjuksjin sin film Raude roser frå 1973 og i nokre av historiene til den russiske forfattaren Aleksandr Jasjin.

Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 vart klosteret omgjort til eit fengsel for «fiendar av revolusjonen». I 1930- og 1940-åra fungerte klosteret som ein straffekoloni for offera i den store utreinskinga til Josef Stalin. Etter Stalin døydde i 1953 vart det omgjort til eit vanleg fengsel for ikkje-politiske farlege kriminelle.

I 1997 vart til slutt fengselet berre for fangar som soner livstidsdommar. Etter 1996 vart alle dødsdommar omgjort til livstidsdommar og mange av desse sit i dette fengselet. Det er rundt 193 innsette i fengselet, som tidlegare vart kalla fengsel No. OE 256/5 – og «Pjatak» av dei innsette etter det siste talet i det formelle namnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°57′N 37°15′E