Oh, Boy! av The Crickets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oh, Boy! av Buddy Holly)
Oh, Boy!
Singel av The Crickets
frå albumet The "Chirping" Crickets
B-side

«Not Fade Away»

Språk engelsk
Utgjeve 27. oktober 1957
22. desember 1957 (UK)
Innspelt 29. juni - 1. juli 1957, Clovis i New Mexico
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 2:10
Selskap Brunswick 9-55035
Komponist Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman
Tekstforfattar Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman
Låtskrivar(ar) Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty
Produsent Norman Petty
The Crickets-kronologi 
«That'll Be the Day»
(1957)
Oh, Boy! «Maybe Baby»
(1958)


«Oh, Boy!» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty. Han vart opphavleg spelt inn av Sonny West seint i 1950-åra, men selde dårleg. Han vart seinare spelt inn av Buddy Holly and the Crickets mellom 29. juni og 1. juli 1957 i Petty Studios i Clovis i New Mexico, der Holly song solovokal og The Picks song korvokal. Songen er på formatet A-A-B-A med eit vers i 12-taktsblues og eit åtte taktar langt mellomspel. Holly spelte òg ein annan West-song, kalla «Rave On».)

Songen vart gjeven ut på albumet The "Chirping" Crickets og kom òg som A-sida på ein singel, med «Not Fade Away» som B-sida. Songen nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista og tredjeplassen på den britiske lista tidleg i 1958.

Mud-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Oh Boy!» vart spelt inn av den britiske glamrockgruppa Mud. Denne versjonen låg to veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1975.[1] Det var den tredje og siste listetoppen til bandet i Storbritannia. Han vart gjeven ut på albumet deira Mud Rock Volume 2, som nådde sjetteplassen på UK Albums Chart.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Eldar Vågan og Johnny Paulsen skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Åbbor» for albumet Fem fyrer med ved av Vazelina Bilopphøggers i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 495. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 382. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. «Cover versions of Oh, Boy! by The Crickets». SecondHandSongs. Henta 4. februar 2018.