Oh, Pretty Woman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pretty Woman
Singel av Roy Orbison
B-side «Yo te Amo María»
Utgjeve August 1964
Innspelt 1964
Sjanger Rock and roll, countryrock
Lengd 2:55
Selskap Monument 45-851
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Bill Dees[1]
Produsent Fred Foster[1]
Roy Orbison-kronologi
«It's Over»
(1964)
Pretty Woman «Goodnight»
(1965)


«Oh, Pretty Woman» er ein song av Roy Orbison. Songen kom ut i august 1964 og vart ein verdsomfattande suksess for Orbison. Han vart spelt inn for Monument Records i Nashville i Tennessee, og var skriven av Roy Orbison og Bill Dees. Songen låg tre veker på toppen av Billboard Hot 100.[2] Billboard rangerte songen som den fjerde beste i 1964.[3] «Pretty Woman» var òg den tredje singelen som nådde toppen av UK Singles Chart, der han låg i tre veker.[4] Dei andre Orbison-singlane som gjekk til topps i Storbritannia var «Only the Lonely» i 1960 og «It's Over» tidlegare i 1964.[4] Songen var den einaste av Roy Orbison sine songar som nådde toppen av VG-lista i Noreg. Han låg på toppen av lista i fem veker hausten 1964.

Det var tre gitaristar med på innspelinga, Billy Sanford, Jerry Kennedy og Wayne Moss. Billy Sanford, som einare spelte for Elvis Presley og Don Williams og amgne andre, spelte gitaren i introen. Williams introduserte han som ein kar som nettopp hadde kome til Nashville, med ein lånt gitar, som hadde høyrt at Orbison mangla ein gitarist, og fekk jobben. Andre musikarar på innspelinga var Floyd Cramer på piano, Bob Moore på kontrabass, Boots Randolph og Charlie McCoy på saksofon, og Buddy Harman og Paul Garrison på trommer. Orbison spelte òg ein 12-strengs epiphone.

Singelen selde sju millionar eksemplar og vart høgdepunktet i karrieren til Orbison.[5] I løpet av få månader, i oktober 1964, hadde singelen seld til gullplate i USA.[6] Orbison vann posthumt Grammy-prisen i 1991 for konsertutgåva av sognen for HBO-sendinga Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame Award og i 2004 vart han med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. I 2004 sette Rolling Stone songen på 222. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene (224. plass på den oppdaterte lista i 2010), og i 2012 rangerte Texas Music songen på sjuandeplassen på lista si over dei 50 beste klassiske Texas-songane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Teksten fortel soga om ein mann som ser ei vakker kvinne som går forbi. Han higar etter ho og lurar på, så vakker som ho er, om ho er like einsam som han er. I siste augneblink kjem ho attende til han.

Tittelen var inspirert av kona til Orbison, Claudette. Ein gong då Orbison og medlåtskrivaren hans, Bill Dees, sat og arbeidde kom ho inn for å fortelje at ho var på veg ut. Orbison spurte ho om ho trengde pengar, men ho skal då ha sagt: «A pretty woman never needs any money».[7] Kort tid etter, same dagen, var songen ferdig.

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964–65) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] 1
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[11] 5
Canada (RPM)[12] 1
Danmark (IFPI)[13] 3
Frankrike (IFOP)[14] 8
Finland (Suomen virallinen lista)[15] 9
Tyskland (Media Control AG)[16] 1
Irland (IRMA)[17] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[18] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[19] 1
Noreg (VG-lista)[20] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[21] 1
UK Singles (Official Charts Company)[22] 1
US Billboard Hot 100[23] 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har blitt spelt av mange andre artistar:

I andre media[endre | endre wikiteksten]

  • Den originale Orbison-songen inspirerte til tittelen på filmen Pretty Woman frå 1990 med Richard Gere og Julia Roberts. Songen vart nytta i filmen. Filmen vart særs populær då han kom ut.
  • Songen vart nytta i Bollywood-filmen Kal Ho Naa Ho i 2003.
  • Songen er nytta i filmen Dum og dummere.
  • Songen er med i den franske filmen La Cité de la Peur.
  • Songen vert nytta i slutten av det japanske TV-dramet Attention Please, framført av Kaela Kimura-
  • Van Halen-versjonen vart nytta i filmen Weird Science i 1985.
  • Songen vart nytta i Chris Martin-episoden av Extras.
  • Songen er nytta i den belgiske filmen De Helaasheid der Dingen. Filmen handlar om familien Strobbe som trur lukka deira er knytt til Roy Orbison, noko som fører til at dei følgjer comebackkonserten hans i 1988 med stor entusiasme.
  • Songen er nytta i ein episode av Futurama sesong 3, kalla «The Cyber House Rules».
  • Songen er spelbar i videospelet Band Hero. Det var òg mogeleg å laste ned ssongen for videospelet Rock Band.
  • Songen er nytta i episoden «Frank's Pretty Woman» i It's Always Sunny in Philadelphia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 85. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), page 157.
  3. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1964
  4. 4,0 4,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 186. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. Lehman, Peter. Roy Orbison: Invention of an Alternative Rock Masculinity. Philadelphia: Temple UP, 2003, s. 2, 13
  6. «American salstrofé – Roy Orbison – Pretty Woman». Recording Industry Association of America. 
  7. Amburn, Ellis. Dark Star: The Roy Orbison Story. New York: Carol Publishing, 1990, s. 127
  8. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  9. "Roy Orbison – Oh, Pretty Woman – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. februar 2015.
  10. "Ultratop.be – Roy Orbison – Oh, Pretty Woman" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. februar 2015.
  11. «Hits of the World». Billboard (Prometheus Global Media) 76 (50): 19. 12. desember 1964. ISSN 0006-2510. 
  12. «Top Singles – Volume 2, No. 5, September 28 1964». RPM. Walt Grealis. Henta 22. august 2014. 
  13. «Hits of the World». Billboard (Prometheus Global Media) 76 (49): 15. 5. desember 1964. ISSN 0006-2510. 
  14. «Accès direct à ces Artistes: Roy Orbison» (select «Roy ORBISON» and then click «Go") (på French). InfoDisc. Henta 26. februar 2015. 
  15. «Hits of the World». Billboard (Prometheus Global Media) 77 (1): 19. 2. januar 1965. ISSN 0006-2510. 
  16. "Roy Orbison - Oh, Pretty Woman". Charts.de. Media Control. Henta 26. februar 2015.
  17. «Search the Charts» (enter «Roy Orbison» into the «Search by Artist» box, then select «Search"). irishcharts.ie. Irish Recorded Music Association. Henta 22. august 2014. 
  18. "Nederlandse Top 40 – week 1, 1965" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 26. februar 2015.
  19. "Dutchcharts.nl – Roy Orbison – Oh, Pretty Woman" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. februar 2015.
  20. "Norwegiancharts.com – Roy Orbison – Oh, Pretty Woman". VG-lista. Hung Medien. Henta 26. februar 2015.
  21. «Hits of the World». Billboard (Prometheus Global Media) 77 (8): 24. 20. februar 1965. ISSN 0006-2510. 
  22. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 26. februar 2015.
  23. "Orbison?f=379&g=Singles Roy Orbison Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Roy Orbison. Prometheus Global Media. Henta 26. februar 2015.
  24. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 656.
  25. Ray Dylan (1. november 2010). «Ray Dylan, Goeie Ou Country - Vol.2, CDs, Musica A World awaits - 6005298030511». Musica.co.za. Henta 5. april 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]