Oh-là-là

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Oh-là-là»
Singel av Zaz
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1985
Låtskrivar(ar) Amund Enger

«Oh-là-là» var eit av bidraga i Melodi Grand Prix 1985, framført på norsk av Zaz. Songen er skriven av Amund Enger.

Melodi Grand Prix 1985[endre | endre wikiteksten]

Under finalen var det fem distrikt og fire fagdommarar som gav poeng til alle bidraga. Bidraget fekk seks poeng frå Ronnie Hazlehurzt, fem poeng frå Elverum, fire poeng frå Anne-Marie David og Stikkan Andersson, tre poeng frå Porsgrunn, to poeng frå Tromsø og eitt poeng frå Tony Visconti, Steinkjer og Stavanger. «Oh-là-là» fekk til saman 27 poeng og enda på niandeplass av totalt ti bidrag. Zaz fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]