Oh Diane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oh Diane
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Mirage
B-side

«Only Over You», «The Chain» [12"] (UK) / «That's Alright» (USA)

Utgjeve 12. desember 1982 (UK) / februar 1983 (USA)
Innspelt 1981-1982
Sjanger Pop
Lengd 2:33
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham, Richard Dashut
Produsent Lindsey Buckingham, Richard Dashut og Fleetwood Mac
Fleetwood Mac-kronologi 
«Gypsy»
(1982 UK)

«Love in Store» (1982 USA)
Oh Diane «Can't Go Back»
(1983 UK)

«Big Love»
(1987 USA)


«Oh Diane» er ein song av den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac. Han vart skriven av gitaristen Lindsey Buckingham og Richard Dashut for albumet Mirage i 1982.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trass i at dei to førre singlane frå albumet («Hold Me» og «Gypsy») selde dårleg, vart songen ein overraskande hit for bandet i Storbritannia då han kom ut der i desember 1982. Songen gjekk inn på 69. plass den 18. desember 1982 og klatra dei ti neste vekene til ein niandeplass i februar 1983. Dette var medverkande til albumet klatra inn på topp 10 på albumlista i Storbritannia.

«Oh Diane» kom ut i Storbritannia på både 7" og som ei 12" biletplate. Dette var eit populært format på den tida og i dag eit samlarobjekt.

I USA vart ein annan song frå Mirage, «Love in Store», gjeven ut som den tredje singelen i staden for, til moderat suksess. «Oh Diane» vart gjeven ut som den fjerde singelen frå albumet i USA, og kom ut i februar 1983, men gjekk ikkje inn på salslista der. Han vart ein liten hit på den amerikanske Adult Contemporary-lista. Trass i at han vart ein stor hit i Storbritannia, kom ikkje «Oh Diane» med på den britiske 2002-utgåva av The Very Best of Fleetwood Mac.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]