Oh Well

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oh Well
Singel av Fleetwood Mac
A-side

«Oh Well»

B-side

«Oh Well, Part 2»

Utgjeve 26. september 1969
Innspelt Sommaren 1969
Sjanger Bluesrock, hardrock, progressiv rock
Lengd 3:22 (Part 1 original)
2:22 (Part 1 nyutgjeving)
5:39 (Part 2)
8:56 (Then Play On-versjonen)
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Peter Green
Fleetwood Mac-kronologi 
«Man of the World»
(1969)
Oh Well «The Green Manalishi (With the Two-Prong Crown)»
(1970)


«Oh Well» er ein song av Fleetwood Mac frå 1969, skriven av songaren og sologitaristen Peter Green. Han vart først gjeven ut som singel i fleire land i 1969, og sidan i reviderte utgåver på albumet Then Play On same året og på Greatest Hits i 1971. Han vart sidan gjeven ut i plateboksen 25 Years – The Chain frå 1992 og samlealbumet The Best of Peter Green's Fleetwood Mac i 2002. Ein litt anna versjon av songen vart gjeven ut på samlealbumet The Vaudeville Years i 2008.

Kompsosijon[endre | endre wikiteksten]

«Oh Well» vart komponert i to delar, der «Part 1» var ein rask, elektrisk bluessong med vokal (varer 2:19), «Part 2» er eit heilt forskjellig, instrumentalt stykke med spor av klassisk musikk (varer 5:39). Den originale singelen frå 1969 nytta det første minuttet av «Part 2» som avslutning på side A, og så byrja «Part 2» på ny på B-sida av singelen. Seinare utgjevingar varierte. På konsertar vart berre den første delen spelt og det finst mange konsertopptak av dette på konsertalbuma til Fleetwood Mac, som Live og Live at the BBC, i tillegg til B-sider av fleire singlar. Etter Green slutta i bandet, vart songen sungen av forskjellige medlemmar, som Bob Welch, Lindsey Buckingham, Rick Vito og Billy Burnette. Den første delen av songen består av eit raskt blues-gitarriff spelt av Green, før Danny Kirwan og bassisten John McVie sleng seg med. Musikken stoppar så heilt opp, berre poengtert av kubjølla til Mick Fleetwood. Green syng så eit kort vers heilt acapella, før riffet byrjar på ny og Kirwan spelar ein solo. Det andre verset vert igjen sungen acapella og riffet vert spelt på ny.[1] Der den andre delen følgjer, er det ein kort pause før den melankolske, spanskaktige, akustiske gitaren til Green følgjer, i lag med ein låg elektrisk gitar.[1] Dette fører vidare til instrumentale passasjar med blokkfløyte, cello og piano, sistnemnde spelt av Jeremy Spencer. Dette var det einaste bidraget til Spencer på songen, og han var ikkje med på den første delen av songen i det heile. Green spelte alle dei andre instrumenta ein kan høyre på «Part 2».

«Oh Well, Part 1» har av somme musikkjournalistar vert rekna som ein tidleg overgang mellom bluesrock og heavy metal, i lag med andre songar av mellom andre Led Zeppelin.[1] Sjølv om han vart spelt inn på fleirsporsopptakar, finst ikkje songen i sann stereo. Dette kan kanskje kome av at masterlydbandet i stereo er gått tapt eller blitt sletta, men sidan denne perioden med Fleetwood Mac etter Blue Horizon aldri er blitt remastra, kan det vere at opptaket framleis finst.

Etter singelen kom ut vart den amerikanske versjonen av Then Play On oppdatert med denne songen. Albumversjonen av «Oh Well» har berre slått saman dei to sidene til eit enkelt spor, kalla «Oh Well» (som varer 8:56), slik at «Part 2» byrjinga kan høyrast to gonger. Det same vart gjort på CD-utgåva av albumet. Songen vart gjeven ut på singel i USA i 1972, med berre den elektriske «Part 1», utan den akustiske avslutninga. Andre utgåver av songen finst på Greatest Hits og luksusutgåva av Then Play On frå 2013.

Eit utdrag av songen kan høyrast i Doctor Who-soga Spearhead from Space. Dette vart filma på tida då singelen låg på listene og vart sendt i januar 1970. Songen vart seinare fjerna då episoden vart gjeve ut på video, men vart attende att på DVD-utgåva i 2011. Part II vart òg sampla av The KLF på albumet Chill Out.

Lister[endre | endre wikiteksten]

I can't help about the shape I'm in
I can't sing I ain't pretty and my legs are thin
But don't ask me what I think of you
I might not give the answer that you want me to

Peter Green (1969)

Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista, der han låg to veker i november 1969 av i alt 16 veker.[2] I Nederland gjekk songen heilt til topps og låg inne på lista i 11 veker.[3] Han nådde òg topp 5 i Noreg, New Zealand og Frankrike, og topp 10 i Tyskland og Sveits.[4]

«Oh Well» vart ikkje ein stor hit i USA, men vart spelt ein del på mange FM-radiostasjonar. Han nådde 55. plassen på den amerikanske singellista, men har med åra blitt ein klassikar òg i USA.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Oh Well» har blitt spelt av mange andre artistar og grupper, som Tom Petty and the Heartbreakers, Gordon Giltrap, Joe Jackson, Kenny Wayne Shepherd, The Rockets, Big Country, Tribe of Gypsies, Ratt, Tourniquet, McCoy, John Parr, Oh Well og Haim. Songen er òg framført på konsertar av Jimmy Page & The Black Crowes og gjeve ut på albumet Live at the Greek i 2000. Rick Springfield framførte ein versjon av songen i juli 2013 for serien The A.V. Club.[5] Songen er òg spelt inn av det tidlegare Fleetwood Mac-medlemmet Bob Welch i 2008 på hans Greatest Hits & More.

The Eels spelte ein versjon av songen som bonusmateriale i 2014 på albumet The Cautionary Tales of Mark Oliver Everett. Songen finst òg på albumet Fifteen av Colin James frå 2012.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

  • Nederland - 1. plass
  • Storbritannia - 2. plass
  • Frankrike - 2. plass
  • Noreg - 3. plass
  • Irland – 5. plass
  • New Zealand – 5. plass
  • Tyskalnd – 7. plass
  • Australia – 17. plass
  • USA – 55. plass

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Oh Well». Allmusic. Henta 14. mai 2015. 
  2. «Oh Well, UK chart statistics». chartstats.com. Henta 14. mai 2015. 
  3. Fleetwood Mac - Oh Well!; Dutch Top 40-site
  4. «Songs from the Year 1969». TSort. Henta 14. mai 2015. 
  5. «Rick Springfield covers Fleetwood Mac». Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 16 July 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]