Oh Yes I Can

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oh Yes I Can
Studioalbum av David Crosby
Språk engelsk
Utgjeve 23. januar 1989
Studio Devonshire Sound i North Hollywood; A&M Studios, Hollywood; Criteria, Miami og Cherokee Studios i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 42:35
Selskap A&M
Produsent David Crosby
Craig Doerge
Stanley Johnson
David Crosby-kronologi 
If I Could Only Remember My Name
(1971)
Oh Yes I Can Thousand Roads
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone2/5 stars[2]

Oh Yes I Can er det andre studioalbumet til Crosby, Stills, Nash & Young-medlemmen David Crosby som soloartist. Det kom ut 23. januar 1989, 18 år etter det førre soloalbumet hans, If I Could Only Remember My Name.

Fire songar («Drive My Car», «Distances», «Melody» og «Flying Man») vart opphavleg skriven for eit uferdig album Crosby byrja å spele inn i 1979-1981 Capitol Records og vart sidan avviste frå Crosby, Stills & Nash-prosjekt i 80-åra. Gruppa hadde tidlegare prøvd å spele inn «Drive My Car» og «Distances» under ei avbroten innspeling i 1978 for ein oppfølgjar til CSN (1977).

Den til då uutgjevne «Drop Down Mama» var ei omskriving av ein Sleepy John Estes-song som tidlegare var spelt inn av David and the Dorks (eit kortvarig band med Crosby og medlemmar av Grateful Dead) i 1970 og Crosby & Nash med The Mighty Jitters kring 1975-1976.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Drive My Car»Crosby3:34
2.«Melody»Crosby, Doerge4:07
3.«Monkey and the Underdog»Crosby, Doerge4:15
4.«In the Wide Ruin»Doerge, Henske4:47
5.«Tracks in the Dust»Crosby4:48
6.«Drop Down Mama»Crosby3:07
7.«Lady of the Harbor»Crosby, Doerge3:19
8.«Distances»Crosby3:36
9.«Flying Man»Crosby, Doerge3:25
10.«Oh Yes I Can»Crosby5:08
11.«America (My Country 'Tis of Thee)»Trad. arr. Hedges1:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar – David Crosby; Craig Doerge og Stanley Johnston (spor 1-7, 9, 10 & 11); Howard Alpert og Ron Alpert (spor 8).
  • Leiande produsent – Eddie Wilner
  • Lydteknikarar – Stephen Barncard, Steve Gursky, Stanley Johnston, Gerry Lentz og Jay Parti.
  • Assisterande lydteknikar – Tom Banghart, Gary Boatner, Michael Bosley, Troy Cruze, Larry Goodwin, Scott Gordon, Mark McKenna, Russell Schmidt, Allan Tucker, Bob Vogt og Paul Winger.
  • Miksing – Niko Bolas (spor 1); Stanley Johnston (spor 2-11).
  • Master av Bob Ludwig og Mike Reese hos Masterdisk (New York, NY) og A&M Mastering Studios (Los Angeles, CA).
  • Kunstnarisk leiar og design – Caroline Balog og Gary Burden
  • Fotografi – Henry Diltz (bakside), Jay Parti (framside) og Aaron Rapoport (innside).

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (North America)

År Liste Plassering
1989 The Billboard 200 104

Singlar - Billboard (Nord-Amerika)

År Singel Liste Plassering
1989 «Drive My Car» Mainstream Rock Tracks 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindsay Planer (23. januar 1989). «Oh Yes I Can - David Crosby | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 23. januar 2019. 
  2. Browne, David (23. mars 1989). «David Crosby: Oh Yes I Can : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 4. mars 2008. Henta 23. januar 2019.