Ohma Electra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ohma Electra

Ohma Electra er eit vekselstraumslokomotiv som står på campus Gløshaugen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Lokomotivet tilhøyrer Sanctus Omega Broderskab.[1]

Originalt vart lokomotivet kalla nummer 3, og var eit av dei tre fyrste lokomotiva i drift på Thamshavnbanen i 1908. Lokomotivet vert rekna som eit av verdas første, vellukka vekselstrausslokomotiv. Lokomotivet er 7,67 meter langt. Det kom til Gløshaugen 15. september 1972,[2] og står på ein 20 meter lang skinnegang. Lokomotivet kan framleis køyre.[2]

Ohma Electra er i dag, i lag med systerlokomotivet nr 2, verdas eldste vekselstraumslokomotiv i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Omega», omega.ntnu.no (på norsk), henta 1. august 2023 
  2. 2,0 2,1 «LocomotivCommiteen», omega.ntnu.no (på norsk), henta 1. august 2023