Ohre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva i Bayern og Tsjekkia sjå Ohře.
Ohre
elv
none  Ohre ved Calvörde
Ohre ved Calvörde
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Kjelde Ohrdorf
Munning Elbe
Lengd 103 km
Wikimedia Commons: Ohre

Ohre er ei elv i Niedersachsen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 103 km. Ho har sitt utspring nord for Wolfsburg, i Niedersachsen og renn hovudsakleg søraustover, og følgjer først grensa mellom Niedersachsen og Sachsen-Anhalt. Etter Buchhorst renn ho inn i Sachsen-Anhalt langs Mittellandkanal. Ho munnar ut i Elbe nær Burg, nord for Magdeburg. Byane Brome, Calvörde, Haldensleben og Wolmirstedt ligg langs elva. Den øvre delen av Ohre ligg i naturreservatet Drömling.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]