Ohrid
Ohrid | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Kommune |
Nord-Makedonia Ohrid kommune |
Borgarmeister | Aleksandar Petreski |
Geografi | |
Flatevidd - By |
382,93 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
54 908 143/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | +695 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 6000 |
Telefon-retningsnummer | 389 46 |
Heimeside: ohrid.gov.mk | |
Plassering | |
Plasseringa til Ohrid i Nord-Makedonia |
Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by i Nord-Makedonia på austkysten av Ohridsjøen med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen er kjend for ein gong ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem[1]. Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.
I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.
I Ohrid finst òg eitt av Nord-Makedonia sine største sjukehus.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.
I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Ohrid frå Wikivoyage
- Offisiell turistside
- travel-macedonia.net
- www.visitohrid.com.mk
- Bilete frå Ohrid
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ohrid» frå Wikipedia på engelsk, og «Ohrid» frå Wikipedia på svensk den 2. februar 2008.