Íti

Koordinatar: 38°49′43″N 22°17′19″E / 38.82861°N 22.28861°E / 38.82861; 22.28861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oita)
Íti
Οίτη
fjell
Land  Hellas
Område Sentral-Hellas
Høgd 2 158 moh.
Koordinatar 38°49′43″N 22°17′19″E / 38.82861°N 22.28861°E / 38.82861; 22.28861
Kart
Íti
38°49′00″N 22°17′00″E / 38.816666666667°N 22.283333333333°E / 38.816666666667; 22.283333333333
Wikimedia Commons: Oiti

Íti (gresk Οίτη) er eit fjell sør i Sentral-Hellas i Hellas mellom dalane til elvane Sperkhiós og Kifisós. Ho er ei sidegrein av Píndoskjeda og er 2 158 meter høgt. Den austlege delen, kalla Kallídromo, ligg nær havet, og i antikken var det berre den smale passasjen ved Thermopylae (dagens Thermopýles) mellom fjellet og havet.

I mytologien var Íti staden der Herakles døydde. Han var klar for å døy og steig opp mot Íti, der han bygde ein gravhaug av tre og gav bogen og pilene sine til Poeas, far til Filoktetes. Han la seg ned på haugen, kvilte hovudet på klubba si og la løveskinnet sitt over seg før han kommanderte Filoktetes til å sette fyr på bålet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]