Okkultasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Okkultasjonar)
Saturn blir okkultert av månen
Saturnmånen Dione okkulterer Rhea sett ifrå romsonden Cassini.

Okkultasjon er eit astronomiuttrykk for når ein himmellekam passerer framom ein annan slik at heile eller delar av den bakre lekamen blir dekt. Det finst ulike typar av okkultasjonar. Frå jorda er dei observerte okkultasjonane stort sett av månen som passerer framom ei stjerne, ein planet eller asteroide. Alle formørkingar er okkultasjonar; til dømes er solformørking ein okkultasjon der månen passerer framom sola, medan under ei måneformørking okkulterer jorda sola sett i frå måneoverflata.

Måneokkultasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sett i frå jorda er måneokkultasjonar den mest vanlege okkultasjonstypen. Sidan månen ikkje har nokon betydeleg atmosfære, vil objekt lekamar som okkulterer månen forsvinna og dukka opp att nesten med ein gong etter at dei passerer måneranden.

Fleire gongar i året kan ein observatør på jorda sjå at ein planet passerer bakom månen. I motsetning til stjerner har planetar betydelege vinkeldiametrar slik at ein her kan sjå delvise okkultasjonar.

Planetokkultasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stjerner kan bli okkulterte av planetar. I 1959 okkulterte Venus stjerna Regulus. Uranusringane blei observerte første gongen då Uranus okkulterte ei stjerne i 1977.

Det er òg mogleg at ein planet okkulterer ein annan. Sett i frå jorda er slike okkultasjonar særs sjeldne. Den førre gongen dette skjedde var 3. januar 1818, og den neste gongen skjer 22. november 2065. I begge tilfelle er det snakk om Venus og Jupiter.

Doble okkultasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein himmellekam kan okkultera fleire andre himmellekamar på éin gong. Slike hendingar er særs sjeldne og kan berre sjåast frå ein liten del av jorda. Den førre dobbeltokkultasjonen skjedde 23. april 1998 då månen okkulterte Venus og Jupiter samstundes sett i frå Ascension-øya i det sørlege Atlanterhavet.

Asteroideokkultasjonar[endre | endre wikiteksten]

Asteroidar okkulterer omtrent kvar natt ei stjerne sett ifrå omtrent kor som helst på jorda, men dei fleste treng ein teleskop til for å kunna observera. Asteroideokkultasjonar blir nytta i astronomien til å måla størrelsen og posisjonen til asteroidane mykje meir presist enn det ein kan få til med andre metodar. Ved fleire observatørar nær same lokalitet kan ein laga ein todimensjonal formprofil av asteroiden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Okkultasjon