Oksana Robski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oksana Robski
Fødenamn Окса́на Ви́кторовна Поля́нская, Oksana Viktorovna Polanskaja
Alias Оксанa Робски
Fødd 10. juni 1968 (53 år)
Moskva
Yrke skribent, manusforfattar, skodespelar, arrangementvert, gründer, forleggjar, journalist, programleiar
Sjanger fiksjonslitteratur
Ektefelle Igor Sjalimov
Oksana Robski på Commons

Oksana Robski (fødd 10. juni 1968) er ein russisk forfattar kjend for sin «glamour-litteratur».[1]

Oksana Robski voks opp i ein intellektuell familie i Moskva. Mor hennar var lærar som underviste på gymnas. Far hennar døydde då ho var sju år. Stefaren var pilot. Oksana studerte ved fakultetet for journalistikk ved Moskvas universitet og tok høgare utdanning for manuskriptforfattarar og regissørar. Eksamensfilmen hennar var med i den russiske konkurransen for unge regissørar, Heilage Anna.

I 1995 byrja ho gje ut eit glansa tidsskrift som heitte Sebastian og handla om hundar. I 1998 opna ho ein interiørbutikk, Galleri O. Robski har òg drive eit selskap som leia ut kvinnelege livvakter, Nikita. Ho bur i dag i Zjukovka utanfor Moskva.

Debutromanen hennar, Ca$ual, kom ut på forlaget Rosman i 2005 og blei ein omdiskutert bestseljar.[1] I 2006 kom han ut på svensk på Fabulera AB. Han kom ut på engelsk i 2007. Ho har gjeve ut fleire andre romanar og hjelpebøker om å leva glamorøst på OLMA-Press.[2] Robski fann opp sjangeren «glamour-litteratur», som typisk har vakre, smarte kvinner i hovudrolla som oppnår suksess gjennom å manipulera rike menn.[3] Verka hennar tek for seg liva til dei nye rike i Russland, og er ikkje interessert i politiske og sosiale spørsmål.[1]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Romanar
  • Casual (2005)
  • Про ЛюбOFF/ON, Pro liuboff/on ('Om kjærleik off/on', 2005)
  • День счастья — завтра, Den stsjastja – zavtra ('Dagen for lukke er i morgon', 2006)
  • Жизнь заново, Zhizn’ zanovo ('Liv på nytt', 2006),
  • Casual 2 (2007)
Novellesamling
  • Ustritsy pod dozjdem ('Østersar i regnet', 2007)
Handbøker/humor
  • Zamuzj za millionera ('Gift deg med ein millionær', 2007), med Ksenija Sobtsjak
  • Rublevskaja kukhnia ('Rublevka-cuisine', 2007)
  • Glamurnyj dom ('Det glamorøse huset', 2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lunde, Ingunn (28. september 2020). «Oksana Robski». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. MIKHAILOVA, TATIANA (2010). «Glamour à la Oksana Robski». Routledge. ISBN 978-0-203-84503-5. doi:10.4324/9780203845035-14/glamour-la-oksana-robski-tatiana-mikhailova. 
  3. RUDOVA, LARISSA (2014). «"Who's the fairest of them all?" Beauty and Femininity in Contemporary Russian Adolescent Girl Fiction». The Russian Review 73 (3): 389–403. ISSN 0036-0341.