Oktoberrevolusjonøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 79°30′N 97°30′E

Oktoberrevolusjonøya i Russland.
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Oktoberrevolusjonøya (russisk Остров Октябрьской Революции, Ostrov Oktjabrskoj Revoljutsij) er den største øya i øygruppa Severnaja Zemlja i Russland. Ho har eit areal estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda.[1] Det høgaste punktet på øya er Karpinskijfjellet på 965 meter over havet.

Halve øya er dekt av isbrear som rekk ned til sjøen. I dei isfrie områda består av øya av ørken eller tundra. Øya vart først utforska og namngjeve av ekspedisjonen til G.A. Usjakov og Nikolayj N. Urvantsev i 1930 - 1932.[2] Oktoberrevolusjonøya har fem store isbrear som heiter Rusanov, Karpinskij, University, Vavilov og Albanov.[3] Vêrstasjonen Vavilov var i drift frå 1974 til 1988 nord på Vavilovbreen.[4] Andre mindre isbrear på øya er mellom anna Maljutkabreen.

Elvene Podemnaja og Bolsjaja renn nordvestover mellom Vavilov- og Albanovbreen, medan elvane Bedovaja og Obryvistaja renn nordover mellom Albanov og Rusanov.[5]

Ostrov Vjsokij er ei lita øy som ligg i ei bukt sørvest på Oktoberrevolusjonøya.

Det har vore føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Aleksandra (St. Aleksander).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]